Fullsizeoutput 154F
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Open dag i Makkenparken

Open dag i Makkenparken

18. august 2021
Olav Bøland inviterar til åpen dag i Makkenparken! Det blir sykkelshow, moglegheit for lån av bmx, diverse konkurransar og traktering. Hiv deg med!

- Me kickstartar sesongen med ein open dag i Makkenparken. Alle er velkomne, enten dei ynskjer å delta i konkurranser eller berre sjå på. Dette blir knall, smiler pådriver Olav Bøland.

4. september inviterer bmx-entusiasten til ein open dag i Makkenparken frå 12.00 og utover. Det vil bli sykkelshow på jordhoppa, sykkelverkstad, moglegheit for lån av bmx, fleire konkurransar med premie og sjølvsagt litt traktering. 

- Eg håpar at så mange som mogleg tek turen. Makkenparken er eit utruleg flott anlegg som verkeleg fortjenar å brukast av endå fleire, seier Bøland. 

For påmelding eller meir informasjon? Kontakt Olav Bøland på 47844752.

Du kan sjå meir på facebook - arrangementer som er oppretta. 

 

Felles dugnad 

Før ein kan halde ein framifrå open dag i Makkenparken, trengs det ein liten dugnad for at alt skal væra på stell. Det inviterast difor også til ein aldri så liten felles dugnad i parken den 28. august frå 12.00 og utover. 

- Me skulle kantklyppa, kosta, flikka over ujavnheiter, salta og plukka stein ved pumptracken, samstundes er det fint å flikke over jordhoppa, seier Bøland. 

- Eg har og tenkt på at me burde ha filma ein reklame og instruksjonsfilm for Makkenparken. Då treng me nokon som har lyst til å filme litt, smiler han. 

Utstyr som trengs for dugnaden er følgande; ein kantklyppar, solid kost, jordspade, steinrive og knakandes godt humør! 

Du kan sjå meir om dugnaden på facebook - arrangementet som er oppretta. 

 

 

Treningar hausten 2021 

Olav held også trening i bmx vekentleg, annakvar veke i Makkenparken og i skateparken på VBU. Her instruerer han i ulike triks og du kan få god hjelp til å bli utvikle deg. 

Bøland har også åtte bmx - syklar til utlån for den som ynskjer å prøve! 

Kvar torsdag kan du leike deg og trikse i anten Makkenparken eller VBU. 

Du finn oversikta over kvar og når treningane er i den alltid oppdaterte kalendaren. 

Lurar du på noko? Kontakt sjefen sjølv - Olav Bøland på 47844752.