Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Open dag

Open dag hjå Belindas hud og velvære

09. februar 2017

Belindas hud og velvære feirar splitter ny profil med open dag laurdag. Sprudlevatn, voksing av brystkasse og andre demonstrasjonar står på programmet frå klokka to.

– Alt frå prislister og visittkort til heimeside, logo og skilt er nytt. Det heile er jobba fram saman med makalalaus design, og resultatet er såpass strålande at vi lyt feire, fortel Belinda Dalemark Wangensteen.

Dei siste åra har ho drive «Belindas hud og velvære» i fyrste etasje i bankbygget i Vang sentrum. Ho har utdanning innan faget og tilbyr hudpleie, handpleie, massasje, farging og forming av augebryn og mykje anna i salongen.

Voksing av brystkasse

Laurdag klokka to er den raude løparen rulla ut framfor inngangen og heile bygda invitert innom døra.

– Det vert eit uhøgtidleg musikkinslag med hemmeleg musikar i firetida. Elles stiller ein sporty Erik Martinsen Dalåker opp som modell for hårfjerning på brystkasse. Det er sjølvsagt fritt fram for tilskodarar til dette, fortel Belinda.

Det vert også demonstrasjon av farging og forming av bryn, høve for handling, eller berre det å sjå seg rundt i den særs trivelege salongen i sentrum

Lokalt samarbeid

Den nye profilen som no vert feira er altså ei resultat av tett samarbeid med Makalaus design som held til i Høre. Belinda ser mange fordelar med å bruke lokale ressursar til jobben.

– Det å kunne treffast og sitja saman når ein diskuterer desse tinga har vore viktig for meg. Det er ein heilt klar fordel med å nytte lokale ressursar framfor å berre finne nokon på internett, fortel Belinda.

Makalaus design er foretaket til Monica Søndrol som har drive som designar dei siste åra. Krevjande kundar som Belinda er akkurat det Søndrol ynskjer seg.

– Vi har samarbeida lenge og det at eg kjenner godt til kva Belinda gjer her i salongen gjer det enklare for meg å levere godt. Ho har høge krav til korleis ting skal vera og det gjer at også eg utviklar meg i arbeidet med ein kunde som Belinda, fortel Søndrol.

Ho har levert logo, nettside, prislister, foliering på vindauge og skilt. Belinda er heilt tydeleg på at dette er vel brukte pengar for bedrifta hennar.

– I denne bransjen er heile opplevinga viktig. Det at alt materiellet ser bra ut lyt ein sjå på som ei investering framfor ei utgift. No er både profilen og salongen rigga for framtida, og eg ynskjer etter kvart å leve av salongdrifta, fortel Belinda.

Ho lovar også fleire nye tilbod knytt til salongen i tida som kjem.

– Alt frå barneyoga til spraytan er på lista. Vi får sjå kva som kjem først, seier Belinda.

Eksklusiv hudpleie

Det er ikkje berre behandling å få på klinikken hjå Belinda. Ho er mellom anna forhandlar av fleire produkt for hudpleie og velvære.

– Zo Skin Health fra Dr. Obagi og Dermalogica er noko av det eg sel. Det fyrste som einaste som arbeidar med i salong her i Valdres. Det er ein hudlege som står bak Zo Skin Health, og det er eit velrenommert merke som mange kjendisar nytjer. Eg går god for at dei gjev fantastiske resultat, seier Belinda.

Pukka te, kvalitets duftljos frå Skandinavisk, mineralsminke frå Jane Iredale og Caroline Heyerdahl sine kjemikaliefrie vaskeprodukt er andre produkt til sals.

Program for opninga laurdag

14:00: Den raude løparen vert rulla ut og alle er velkomne inn i varmen. Lett servering med frukt, snacks og drikke.

14:30 Demonstrasjon av farging og forming av bryn. Høve for handling for den som ynskjer det. (Morsdag og valentinsdag snart..)

16:00 Musikalsk superoverrasking.

16:45 Voksing av mannebryst.