1AA513DB C024 40E6 9432 631A29585663
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Opnar for servering på Kyrkjestølen

Opnar for servering på Kyrkjestølen

05. juli 2023
Denne sesongen opnar Katrina og Haldis nok ei gong døra på Kyrkjestølen. Nytt i år er at du kan få deg både mat og drikke medan du er på besøk!

- Tidlegare har me jo berre hatt overnatting, men fra i år er det altså moglegheiter for å få seg både lunsj, middag, kaker, kaffi, og i tillegg har me skjenkeløyve, smiler Katrina Kollbotn, drivar av Kyrkjestølen. 

I fjor hadde Katrina og Haldis sin aller fyrste sesong på Kyrkjestølen, og tok imot mange overnattingsgjester på Filefjell. I år opnar dei altså opp for servering til dagsturistar, hyttefolk og lokale! 

- Det har vore planen heile tida, at me skal ta ting litt gradvis og opparbeide oss erfaring ettersom me held på. No gler me oss til å servere alle som kjem på besøk, seier Kollbotn. 

 

Håpar å skape ein møteplass 

Med servering og skjenkeløyve i boks, håpar både Katrina og Haldis at Kyrkjestølen no kan bli ein triveleg møteplass for folk i nærområdet,. 

- Me håpar jo at folk kjem opp hit og berre kosar seg! Det er jo vårt aller største ønskje, ler Kollbotn. 

Ho fortel at dei i løpet av sommaren har lyst til å få til både quizkvelder og pizzakvelder, for å få til eit ordentleg samlingspunkt ved Kyrkjestølen. Kvar dag har dei no ope frå 12.00-20.00 fram til 15. september. 

- Her er det like koseleg å sitte utandørs, som innandørs. Så har me jo mykje god mat på menyen også! Det er både steinovnsbakt pizza - med mange lokale godbitar, avocadotoast, smoothie og sjølvsagt held me på viktige tradisjonar; rømmegraut er å finne på menyen, smiler Kollbotn. 

Allereie er det komme inn ei del bookingar utover sommaren, og dei to damene på Kyrkjestølen ventar storinnrykk frå juli. 

- Det er ofte då det brakar laus, så det vil nok bli ganske travelt framover, men det gler me oss jo veldig til! Døra her er open kvar dag, og me ser fram til å ta imot både fjellturister og lokale, smiler ho. 

 

Sjå fleire bileter frå Kyrkjestølen i bildekarusellen nedanfor.