Lillian Sparstad har fått leigeavtale i H.T. Ellingbøbygget i Vang sentrum og opnar «Lillys hud- og kroppsterapi» denne veka.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Opnar hudpleiesalong

Opnar hudpleiesalong

07. desember 2020

Lillian Sparstad (21) startar opp Lillys hud- og kroppsterapi i gamle H.T. Ellingbøbygget i Vang sentrum denne veka. 

–  Den som vil unne seg ei avslapping eller kjenne seg litt ekstra flott og digg kan ta turen til meg, fortel Lillian Sparstad.

På få veker har ho gått frå ein ide i bakhovudet til etablering av bedrift og denne måndagen opna Lillys hud- og kroppsterapi i gamle H.T. Ellingbøbygget i Vang sentrum. 

Tenker langsiktig

Etableringa i Vang har ho tenkt på ei stund, men det vart framskunda av koronasituasjonen og at ho fann rette plassen å leige seg inn.

– Det er mange som har spurt om eg ikkje ville starte opp noko her, og no passa det godt. Eg jobbar til dagleg på ein klinikk på Frogner der det no er temmeleg stille og er permittert. På sikt er målet å drive 50% der og 50 % her i Vang, fortel Sparstad.

I fjor vår fullførte ho utdanning som hud- og kroppsterapaut ved hudpleieakademiet, ei skule  som vert rekna som den beste av sitt slag i Noreg.

– Det er utruleg spanande å starte noko nytt, og kanskje litt ekstra spanande i Vang der eg kjenner dei fleste.

Variert tilbod

No før jul er planen å halde ope kvar dag med eit variert utval behandlingar til ein fornuftig pris.



– Av meir kosmetiske ting gjer eg farging av vipper og bryn, forming av bryn, vaksing, napping,  extensions og ein del anna, mens hudpleiedelen er temmeleg klassisk med peeling, utklemming, vask og liknande.

I tillegg har ho gode kunnskapar og massasje, som også vert eit tilbod.

– Ein kan få ein times full kroppsmassasje eller ein halvtime med rygg/nakke. Meir enn det anbefalar eg ikkje på rygg/nakke då ein fort kan bli litt mørbanka av for mykje massasje. 
 
For å bestille time eller høyre meir om tilbodet kan du lese på facebooksida, sende ein e-post til lillian.sparstad@hotmail.com eller ringe på nummer 48255571.