Fullsizeoutput 1626
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Opnar opp for gjesteutstilling

Opnar opp for gjesteutstilling

19. september 2021
Iren Vengel Remmen hjå Mormors skatter ynskjer å gje lokale handverkarar og kunstnarar ein arena å stille ut produkt på. No opnar ho opp for gjesteutstilling i sine lokaler.

- Eg ynskjer at det skal vera rom for meir i butikken enn kun brukte ting. Ei utstilling kunne vore ein fin arena for lokale handverkarar eller kunstnarar å syne fram produkta sine, seier Iren Vengel Remmen ved Mormors skatter i Ryfoss. 

Du treng verken vera verdensmester eller kjent kunstnar for å stille ut i butikken. Driv du med maleri, billedkunst, fotografi, handarbeid eller handverk er kanskje utstilling noko for deg? 

- For meg er det berre artig om nokon vil bruke eit hjørne av butikken til å stille ut. Det er ein super moglegheit til å syne andre kva ein held på me, og kanskje selje noko? smiler Vengel Remmen.

 

Heilt knall oppstart 

Sjølv om Mormors skatter i Ryfoss ikkje har vore i drift meir enn eit halvt år, ser allereie Iren at det er liv laga med ein bruktbutikk i Vang. 

- Eg ser at ein slik plass trengs og at det er liv laga. Sidan oppstart har det vore utruleg mange innom og spesielt i summar var trafikken høg, med både hyttefolket og turistar. Ei periode i summar stod folk i kø utanfor i påvente av å koma inn, seier Iren. 

Iren fortel at då ho starta opp butikken i vinter var ho heilt fersk i ¨gamet¨ og hadde verken erfaring frå butikkdrift eller all kunnskap om dei brukte gjenstandane.

- Heldigvis har læringskurva vore bratt og kundane som kjem innom har så utruleg mykje kunnskap med seg, så eg suger til meg alt eg berre kan, ler ho. 

- Eg får energi av slik, eg blir glad av å sjå at folk engasjerer seg, smiler Vengel Remmen. 

 

Open for idear og innspill 

På tross av god aktivitet og mange besøkande i butikken, går me vinteren og ein rolegare periode i møte. Difor er Iren svært ihuga på gode idear og innspill på korleis ho kan fylle butikken med meir aktivitet. 

- Eg sitt med idear og tankar sjølv, men så innser eg at det kanskje hadde vore artig med litt innspill og idear frå andre også! seier Iren. 

- Tanken er at fleire skal kunne bruke butikken, og ein del av dette er gjesteutsillinga, som eg håpar folk ynskjer å benytte seg av, smiler ho. 

- Ellers er det berre å huge ut om du har idear eller noko spennande me kunne gjort! seier Iren engasjert. 

Mormors skatter har opent kvar tysdag, torsdag og laurdag frå 12:00-16.00.

- I opningstida står det alltid ei kasse med diverse småskattar utanfor inngangsdøra. Her er tanken at du kan ta med deg det du vil, og vippse til Barnekreftforening på 02099, smiler Vengel Remmen. 

 

Lurar du på noko eller har du ein god ide? Kontakt Iren Vengel Remmen på 993 77 180.