396625614 710929661084115 3128421136603895723 N 2
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Opnar smykkeutstilling hjå Mormors skatter

Opnar smykkeutstilling hjå Mormors skatter

13. november 2023
Merja Horden-Wodzik frå Nederland opnar smykkeutstilling hjå Mormors skatter førstkommende helg!

- Eg set utruleg stor pris på at Iren ønskjer å gje meg moglegheiten til å stille ut i butikken hennar! Det er fyrste skritt inn i Noreg med smykkene mine, og det er veldig stort. Eg gler meg veldig til helga, smiler Merja Horden-Wodzik. 

Ho er opprinneleg frå Nederland, men flytta til Vestre Slidre saman med barna sine for eit halvt år sidan. På hobbybasis har ho i nokre år no laga smykker og seld desse via instagramkontoen sin. I tillegg gjort suksess i samarbeid med ein konseptbutikk i Nederland. Og no opnar altså Iren Vengel Remmen døra opp i Ryfoss hjå Mormors skatter, og ønskjer Merja velkommen til å stille ut der! 

- Det er veldig gøy at ho har lyst til å stille ut akkurat hjå meg! Eg håpar mange tek turen for å sjå på dei flotte smykkene som Merja lagar, seier Vengel Remmen. 

Merja fortel at ho lagar alle smykkene med glassperler, metallperler, edelstener og ferskvannsperler. 

- Og sjølvsagt mykje kjærleik, smiler ho. 

 

Opningshelg og julevibber 

Førstkommende helg laurdag 18.november vert det altså opning av smykkeutstillinga til Merja frå 12.00-16.00. Utstillinga vil stå heilt fram til jul, slik at alle har sjansen til å rekke innom! 

- I tillegg blir Mormor-huset sjølvsagt fylt med jul og julepynt denne helga! Så her er det moglegheit til å sikre seg både julestemning og mykje fin julepynt, smiler Vengel Remmen. 

- Sara´s kafé held også ope denne dagen, og vil by på både kaker, kaffe og ein matbit for dei som vil det. Eg håpar mange tek turen og vil dele opningshelga med oss, legg ho til. 

 

Sjå ein smakebit av smykkeutstillinga til Merja, og julestemninga hjå Mormors skatter nedanfor!