Aud Kvale inviterer alle til opning av sitt gardsmuseum på garden Hermundstad i Øye laurdag 28. september kl. 14.00.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Opning av gardsmuseum i Øye

Opning av gardsmuseum i Øye

23. september 2019

Aud Kvale inviterer alle til opning av sitt gardsmuseum på garden Hermundstad i Øye laurdag 28. september kl. 14.00.

Aud har saman med sin Jack i fleire år rusta opp og fornya uthuset på garden og no fylt det med gjenstandar frå både 18- og 1900 talet.

- Her er kister som har vore i Amerika ein tur, mange vevar, bøker, kaffiservise, hestereidskap og munnharpe berre for å nemne eit lite utval, fortel Aud.

Med sin strategiske plassering midt mellom E 16 og Kongevegen frå 1793 håpar Aud på at mange til neste sesong vil koma innom for å ta "juvelane " i augesyn. Alle gjenstandar har ei historie som Aud kan på rams.

Men det blir altså ei førpremiere laurdag 28.9. kl 14.00.

- Ordførar Vidar Eltun stiller på opninga og absolutt alle som er interessert er velkomne, seier Aud.

Adressa er Strøndafjordvegen 361, 9777 Øye