DSCF5076.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Over 100 på fleirkulturell julelunch

Over 100 på fleirkulturell julelunch

18. desember 2017

Godt over 100 personar møtte fram då Vang frivilligsentral arrangerte fleirkulturell julelunch sist torsdag, i samarbeid med Vang mottakssenter og Vang folkebibliotek.

Mange frivillige hadde stått på og sørga for julemat frå 8 ulike land. Bosniske kaker, polsk fisk, eritreisk brød, etiopisk falafel og norsk rakfisk var noko av det dei frammøtte kunne smake på. Afghanske Hamed Naderi og Najib Shivzad hjalp til å rigge klart for festen, og dei gjorde store auge då Ragni Havro Almenning og Kari Hagaseth tilberedte rakfisken og lukta breidde seg i rommet. Men mange smakte denne for første gong og syntest det var ein spanande og god smak!

Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland sette stemninga for programmet med ein amerikansk julesong, før vi fikk sjå og høyre om valdrestradisjonen med kristenteppe av Berit Oldre, og Elisabeth Sparstad fortalte historia om juletreet. Telnis Skuqi synte fram bilete frå ortodoks og katolsk julemesse i Albania, og Syriske Nezar Talab leste ein sterk appell han hadde skrive, om religiøs toleranse. Han er muslim og feirer ikkje jul sjølv, men fortel at muslimar i Syria besøker sine kristne vener når dei feirar jul, og at dei kristne besøker sine muslimske vener når dei feirar Id. I appellen sa han mellom anna:

Religiøs toleranse [...] betyr å akseptere alle mennesker fra alle religioner og kulturer. Religiøs toleranse tar sikte på å avvise ekstremisme slik at alle medlemmer av samfunnet kan leve i en atmosfære av kjennskap, kjærlighet og samarbeid for å fremme samfunnet. Religiøs fanatisme har alltid forårsaket kriger som har forårsaket mange ofre gjennom tidene. [...] Toleranse er respekt og aksept av den andre med all sammenhengende kultur, sivilisasjon, oppførsel, religion, rase og andre forskjeller mellom mennesker i vår verden.

Toleranse er en viktig politisk og juridisk nødvendighet, ikke bare en dydig moralsk handling. Det er den beste oppskriften for å spre fred i verden. Det bidrar til en kultur av fred og sameksistens i stedet for krigskulturens plass [...]. Religiøs toleranse er å stå sammen med sin bror uavhengig av sin sekt, rase og kultur. Del hans gleder og sorger.

Og denne dagen var verkeleg eit bilete på både religiøs og kulturell toleranse, og alle dei andre gode opplevingane som oppstår når folk frå ulike land møtest og deler av sin kultur, sin mat og sine historier. Her var asylsøkjarar, bygdefolk, busette flyktningar og arbeidsinnvandrarar, kristne, muslimar og ateistar, unge og gamle, innflyttarar og vangsgjeldingar, kommunetilsette, pensjonistar og sjølvstendig næringsdrivande. Muhammad Rudwan frå Sudan oppsummerte det mange verka å tenkje; It was pleasant to meet all this people from different references! Also to know the local Christmas traditions and enjoyed listening to a nice song and that lovely voice. Happy Christmas!