Flyttbare element, nytt golv og beskyttelse lang veggane - Øye samfunnshus har fått nytt lov som Øye skule skatepark.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Øye skule skatepark klar

Øye skule skatepark klar

21. desember 2020

Den nye sykkel- og skateparken på Øye skule er så godt som klar og opnar for alle 2. januar. 

– Det vert opning 2. januar ja, då skal alt vera på plass. Det står att å få på stålbeslaga frå Romslo og kanskje lage eit siste element, fortel Olav Bøland.

Dei siste vekene har han lagt ned eit stort tal med timar for å skape ein ny møteplass for alle som driv med BMX, skating, rulleskøyter eller sparkesykkel.

- Det vert faste opningstider torsdag, laurdag og sundag frå 17-19, bortsett frå nokre gonger det er barnebursdagar eller andre arrangement i hallen, fortel Bøland.

Tilbodet ligg under Vang idrettslag, og alle som ynskjer å nyttje skateparken lyt betale årsmedlemsskap til Vang Idrettslag på 200 kroner.