Bilde 04.11.2021, 13 21 31
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Øyvind klinkar til med ti nye tomtar

Øyvind klinkar til med ti nye tomtar

19. april 2023
Øyvind Leine Thune ligg ikkje på latsida med å utvikle Krøssvølhaugadn. Frå hausten 2023 står heile ti nye tomtar salsklare i det spektakulære bustadfeltet.

- Om alt går etter planen, vil det vera ti salgsklare tomtar i Krøssvølhaugadn frå hausten av, smiler ein fornøgd Øyvind Leine Thune. 

Krøssvølhaugadn er stadig under utvikling og på kort tid har Leine Thune sluttseld heile trinn ein. Interessa for dei unike tomtene har vore stor, og fleire har allereie meldt sin interesse for dei ti nye tomtene, med alt fra ca. 1,5-2 mål per tomt, og oppover. 

- Det er utruleg artig å heile tida sjå at feltet er under utvikling, og at så mange har både glede av og interesse for å byggje hus akkurat her, seier Leine Thune. 

 

Fleire moglelgheiter videre 

Med ti nye tomtar på veg opp, opnar dette for mange moglege vegar vidare for Leine Thune, og han vurderar nå å gjere eit utradisjonelt val med neste trinn i bustadfeltet. 

- Det er under sterk vurdering å legge ut feltet for salg, ferdig med infrastruktur. Ønsket og håpet er da at ein lokal utbygger skal sjå verdien og moglegheitsrommet, og utvikle det slik dei vil. Så kan me sjølvsagt bli einige om ein hyggelig pris, smiler Leine Thune. 

- Hvis ingen lokale ser moglegheiten i å kjøpe, må eg gå breiare ut og sjå om nokon utanfor bygda er interessert, legg han til. 

Om ikkje det er tilfellet, har han likevel fleire spennande planar på lur. 

- Hvis ingen ønskjer å kjøpe opp feltet, så utvikler eg det videre på eigen hand. Blant anna står nøkkelferdige hus på planen, om det skulle bli slik, seier han. 

- No får vi sjå i løpet av sumaren korleis vegen blir vidare, og ta det derifrå. Det som er sikkert, er at det blir både spennande og morosamt å ta fatt på neste trinn i Krøssvølhaugadn, smiler Leine Thune. 

 

Prisane i det nye feltet vil vera frå 700.000 og oppover. 

 

Sjå tomtekartet nedanfor. (Tomtane kan bli justert)