301685079 8427405127271290 8355540624118923939 N
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv På nye eventyr med Vang Turlag

På nye eventyr med Vang Turlag

26. september 2023
Med sitt brennande engasjement for å skape fine opplevingar i naturen, er Vang Turlag eit særdeles populært lag for friluftsentusiaster i alle aldre!

AV: Ida Nordland Hillestad, Innovangsjon SA, august 2023. 

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Å vera med i Vang Turlag er veldig sosialt og triveleg, samstundes som det er mykje god folkehelse i å vera på tur saman, både for kropp og sinn, smiler Erlend Haaverstad, leiar i Vang Turlag. 

Og med sine 200 medlemmar er det duka for mange fine opplevingar i den storslåtte naturen Vang har å by på. Omgitt av turstiar, DNT hytter, høge og låge toppar, nærturar og lengre turar, er det verkeleg moglegheiter for alle i turlaget. 

- Turgåing passar jo for dei aller fleste, og det kreves i grunn ingen forkunnskaper for å vera med. Turlaget er ope for alle, og du kan bli med på turar anten du er medlem eller ikkje, fortel Haaverstad. 

 

Fellesturer og turtrim

I turlaget er det sjølvsagt turar som står i fokus. Difor arrangerer Vang Turlag fleire fellesturar gjennom året, både sommerstid og vinterstid. 

- Me legg opp til at fellesturane i alle størst grad skal passe for alle . Nokre gonger arrangerer me turar som er litt meir teknisk krevande, men då vil det vera godt opplyst på førehand, seier Haaverstad. 

Han fortel at det alltid er satt opp turleiarar på fellesturane, og at om ein lurar på noko angåande turen, så kan ein ringe leiaren for meir informasjon. 

- Nokon av turane er for Barnas Turlag, og rettar seg jo då sjølvsagt mest mot barn eller barnefamilier. Blant anna har me dei sista åra arrangert skummeltur til Laglim, i forbindelse med Halloween, legg han til. 

I tillegg til alle fellesturar i løpet av året, arrangerer dei også noko som heiter Turtrimmen. 

- I turtrimmen er det plukka ut 20 flotte turmål i Vang, som du har tre år på å greie.  Dei ulike turmåla har forskjellig poeng, og jo flere toppar du går - jo flere poeng får du, smiler Haaverstad. 

- Turlaget sender ut turkort i postkassa til alle medlemmer. På kvar post har me ei postkasse med kclyppetong og turbok. Turtrimmen varar no frå 2023-2025, og det vil bli premiering til alle med over 100 poeng, legg han til. 

Du kan finne meir informasjon om dette på heimesida til Vang Turlag.

I tillegg til turar og ulike arrangement har også Vang Turlag ansvar for stirydding på enkelte stier. Dette blir gjort på dugnad i turlaget. 

 

 

Utstyr og utlån 

Turgåing er ingen hobby som nødvendigvis krev så mykje utstyr. Det aller viktigste ein treng er gode fjellsko, samt gode, varme klede. I fjellet skifter været fort, og det er difor viktig å ha med og på riktig bekledning. 

- Mykje av utstyret ein behøver på både kortare og lengre turar kan ein låne gratis hjå BUA Vang. Det er også ein fin moglegheit til å teste utstyr, før ein eventuelt kjøper, seier Haaverstad. 

- Ellers har me i turlaget også utlån av kanoer og kajakker. Desse er plassert på Neset og er mogleg å låne, om ein kontaktar ein i styret. For utlån av kajakker er det påkrevd å ha våttkort, for sikkerhetens skyld, legg han til. 

Haaverstad har vore med i styret til Vang Turlag i fleire år, og vart valgt som leiar våren 2023. Han meiner at frivilligheit er ein stor og viktig del av eit lokalsamfunn, og at det er særdeles givende å få bidra. 

- Det er eit utruleg fint samansett styre vi har no, og det er fint å få delta i frivilligheiten i bygda. I tillegg trives eg jo godt ute i naturen, og kjerneverdiene i DNT er veldig i tråd med mine verdiar, smiler Haaverstad. 

- I framtida er håpet at endå fleire blir med oss på turar rundt omkring i Vang! Og at vi kan engasjere endå fleire av dei unge, og skape gode, attraktive møteplasser for dei, legg han til. 

Haaverstad fortel at det alltid er plass til fleire medlemmar i Vang Turlag, og at det finnes to måtar å bli medlem på. 

- Ein kan enten melde seg inn i DNT Valdres, og dermed automatisk få medlemskap i Vang Turlag, eller ein kan melde seg rett inn i lokallaget. Alle er velkomne uansett, smiler han. 

 

Faktaboks

  • Vang Turlag passar for alle!
  • Medlemskontigent 200,- enkeltmedlem og 350,- for familiemedlemskap 
  • Arrangerer fellesturar heile året 
  • Turtrimmen 2023-2025
  • Gode tursko og turklede er viktig utstyr 
  • Bli medlem? Sjå heimesida