4C30F244 0BC0 4A8D 8981 60CDCB467EF0
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv På veg mot draumejobben i Vang

På veg mot draumejobben i Vang

20. februar 2022
Maria Dalemark (24) har eitt år igjen før ho er ferdig med lærlingtida si, og endeleg kan ta fatt på drømmejobben som helsefagarbeider i Vang.

- Jobben som helsefagarbeider er utruleg givande, det er både spennande og lærerikt. Eg jobbar med mykje gode folk og ser alltid fram til å reise på arbeid, smiler Maria Dalemark (24). 

Ho er lærling ved Grindatun bufelleskap og har akkurat eitt år igjen før ho skal avlegge den avgjerande fagprøva. Om alt går etter planen, kan ho endeleg kalle seg for helsefagarbeider. 

- Det blir utruleg spennande, eg blir nervøs berre eg snakkar om det. Å blir helsefagarbeider er ein draum som går i oppfyllelse, seier Dalemark. 

 

Varierte og givande dagar 

Ein dag som helsefagarbeider er aldri lik, og det er ein av årsakene til at Maria trivst så godt som ho gjer. 

- Det er mykje forskjellige arbeidsoppgåver å ta tak i kvar dag. Nokon gonger er ein berre her på huset, mens andre dagar er ein med brukarane på det dei skal. Det er veldig varierte dagar og det likar eg godt, seier Dalemark. 

Ho fortel at det er fint å få bli så godt kjent med dei ho jobber med, og at dei kan dele gode historier saman. 

- Som helsefagarbeider kjem du utruleg nært dei brukarane du arbeider med, noko som er fint, men og utfordrande. Tidvis er det vanskeleg å sette grensa mellom privatliv og jobb, nettopp fordi me blir så nære, fortel ho. 

- Det er likevel fint å få vera ein trygg omsorgsperson i livet deira, legg ho til. 

Vegen vidare er ikkje heilt spikra, men Maria er tydeleg på ein ting; 

- Det er nok sunt og spennande å komme seg ut av Valdres og få litt nye impulsar, men enn så lenge trivst eg godt i Vang og har ingen planar om å søkje meg til nokon anna plass, smiler Dalemark.