Femteklassingane ved Vang Barne- og ungdomsskule er klare for å omsette dei innsamla flaskene til julegåver.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Pant for pakker

Pant for pakker

04. desember 2020

Femteklassingane ved Vang Barne- og ungdomsskule har samla flasker og brukar inntektene på julegåver til andre.

– Vi har ein Smart Oppvekst-julekalender og fekk ei utfordring på video frå Marte på Frivilligsentralen ein dag om å bidra til julekalenderen. Det tykte alle var ein god ide, og no er vi her med flasker for ein god del hundre kroner som skal omsettast til gåver, fortel kontaktlærar for femteklasse, Mari Remmen.

Frivilligsentralen samlar nemleg inn julegåver fram til onsdag 9. desember.

– Vi ynskjer gåver som ikkje er pakka inn, til både jenter og gutar frå 1 til 17 år. Styret ved Frivilligsentralen har ei dugnadsøkt der alt vert pakka inn og fordelt på best mogleg måte, fortel Marte Tangen, dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral.

– Det har allereie kome ein god del gåver, og det er utruleg triveleg!

Frivilligsentralen held til hjå Vang folkebibliotek.