Nyheit

Parkeringsguide for skiturar i Vang

  Nyheitsarkiv
15. jan 2021
  • Skiløypa er preppa heilt ned til parkeringa i Kjørlien.
  • Det er lett å koma seg ut i flotte skiløyper i Vang denne vinteren.
  • I Kjørlien er det enkelt å parkere, enkelt å betale og temmeleg flott å starte skituren.
Tyin-Filefjell, Grindafjell og Slettefjell

Det vert nok ei helg med gnistrande skiføre i Vang. Her er ein kjappguide til gode startpunkt for skituren. 

Aller fyrst; få oversyn over skiløypene i Vang her, eller plukk med deg nokre tips til toppturen.

Tyin-Filefjell

Med splitter ny automatbom ved den store parkeringa ved Tyin er det godt lagt til rette for langrenn, topptur eller transport inn til Eidsbugarden herifrå. Elles vert det også brøyta opp parkering ved Tyinstølen.

– Ved Tyinstølen er det grei plass med parkering og Vipps-betaling for parkering. Og så tykkjer eg det er ekstra viktig bygdefolket kjem seg ut denne korona-vinteren, så det er gratis dagsparkering for vansgjeldingar fram til påske, fortel Ola K. Strand som eig Tyinstølen.

Frå Tyinstølen er det mogleg å utforske isen på Tyin, gå fleire toppturar med framifrå utsyn, og legge i veg innover med fjellski. 

I området til Tyin-Filefjell turløyper er heisparkeringane både ved Børrenøsheisen og i Kileheisen gode startpunkt.

Elles er det brøyta vegskulder for parkering ved Fløgstrøndfjorden, og ved mykje vind og bra snø er denne særs populær blant toppturfolket. Det er elles brøyta parkering ved Kyrkjestølen.

Grindafjell

Grindafjell skiløyper sitt område har stor parkeringsplass ved Thunemyrane. Parkering er gratis, men det er automatbom på vegen opp til området.

Slettefjell

For løypenettet kring Åsvang, er det rikeleg med parkering ved samfunnshuset. Det er og noko parkeringsplass ved Slettefjellbommen. 

Elles er Kjørlien, der ein kan gå både mot Eggeåsen/Raudalen og mot Slettefjellbommen, ein framifrå startplass. Her er det brøyta skiparkering og 40 kroner dagen i betaling med Vipps.

Ved det gamle skisenteret på Haukåsen er det brøyta stor parkering og ordna med VIPPSbetaling. Dette er eit mykje brukt utgangspunkt for topptur.

Mange nyttar også toppturskia på Hensfjellet, og det er brøyta toppturparkering ved nedkøyringa til garden Nærre Austreim, og høve for å vippse over betaling.

PS: Eit lite ekstra-tips akkurat denne vinteren er at stølsvegen til Hugastølane er brøyta grunna bygging av kraftverk i Ala. Med det er eit lite brukt vinterturområde opna for langt fleire, men mogelgheit for både topptur til Hugakøllen, skikøyring i dalsida, fjellskiturar og rattkjelke-aking. Parkering er gratis, men det er betaling for å køyre opp. Vær og merksam på at det er anleggstrafikk på vegen i vekedagane, og at vegen er temmeleg bratt til å vera vinterveg.

Det er sjølvsagt fleire plassar å både starte turen og sette bilen. Dette var eit utval!