Pepperkaker. Foto: Magnus Akselvoll
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Pepperkakehus (1)

Pepperkakehus-konkurranse

01. november 2015

Pepperkakehus-konkurranse vert ein av hovudattraksjonane i det TY-IN.no-gjengen inviterar til juleopning på Tyinkrysset 5. desember. 

– I fjor prøvde vi dette for fyrste gongen, og det kom inn mange artige bidrag i kategoriane barnehage, skule og open klasse. Vi køyrer same opplegg i år, informerar Sissel Irene Wangensteen i arrangørgjengen. 

Kreativitet og fantasi er stikkord for kva juryen legg vekt på. Flotte premiar er

– For å delta må du ha laga pepperkakehuset og levert det på Vang Sparebank før 1. desember 2015. Der vil pepperkakehuset stå til utstilling ut desember, fortel Wangensteen.

Premieringen av pepperkakehusene skjer på Juleoppningen på Filefjell 5. desember klokka 15:30. Barnehagane og skula har fått eigen invitasjon.

Juleopninga på Filefjell skjer ved Intersport Filefjell og Joker Tyinkrysset. Inne på Joker Tyinkrysset vil det vera bodar av forskjellige slag frå klokka 11:00 til ca klokka 17:00.

– Rett etter utdelinga kjem julenissen og samler folk til  nissetoget som går rundt butikkane, samt at vi tenner julegrana, avsluttar Wangensteen.