Pepperkaker. Foto: Magnus Akselvoll
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Pepperkakekonkurranse

Pepperkakekonkurranse

02. desember 2014

Er du særleg glad i å bake pepperkake kan du no faktisk bake deg til 1500 kr ved å levere ditt bidrag til Vang sparebank innan 3. desember.

– Konkurransen er for barnehagane, skulane og folket i Vang, fortel Sissel og Yvonne på Tyinkrysset som har drege i gong konkurransen i lag med banken. 

– Her er det berre å la fantasien blomstre og lage artige, flotte, morosame, kreative, elegante og tøffe pepperkakehus i alle slags variantar, seier dei.

Innleveringsfrist er 3.desember og bidrag leverast til Vang Sparebank.

Juleopning på Filefjell

Vinnarar blir kunngjort og premiert under julegateopninga på Tyinkrysset 6.desember. Arrangementet varar frå 11–17, med fakkeltog frå Intersport Filefjell klokka 16, som eit av høgdepunkta. Inne på Jokeren vert det fleire bodar med sal av lokalmat og handarbeid.