Bilde 01.12.2021, 20 24 16
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Positivprisen til engasjerte ildsjeler

Positivprisen til engasjerte ildsjeler

02. desember 2021
Positivprisen i Vang gjekk i år til tre lokale ildsjeler som har lagt ned utallige timar arbeid i Makkenparken ved Mjøsvang. Gratulerer med velfortjent pris til Olav Bøland, Belinda Dalemark Wangensteen og Rune Wangensteen!

- Nye tilbod for aktivitet er alltid velkomne i Vang. Positivprisen går i år til ein kandidat som i fleire år har arbeid for å få i stand og gjennomføre nettopp eit slik tilbod. Og sidan det her er fleire som har bidrege, har juryen funne det rett å tildele prisen til ikkje berre ein, men til tre personar, opnar ordførar Vidar Eltun si tale med under årets bokkveld på biblioteket. 

I fleire år har Olav, Belinda og Rune lagt ned utallige timar med arbeid for å få i stand Makkenparken, og vidare skapa aktivitet og ein møteplass for ungdommen i Vang.

Under årets tradisjonelle bokkvelden med utdeling av prisen; ”Den positive Vangsgjelding”, fekk dei ein velfortjent hyllest for sitt arbeid. 

- I juryen har me også to representantar fra Ungdomsrådet, og me i Vang synes det er viktig å lytte til ungdommen. Det har juryen i år gjort, men eg vil med ein gong sei at det var ein samrøystes jury som kom fram til årets prisvinnar, smiler ordførar Eltun. 

Han fortel at ungdommen i Vang er svært nøgde med det nye tilbodet og dei er svært glad for at det blir lagt til rette for eit variert tilbod i bygda. 

 

Badstuprat med Hallgrim og Knut 

Vanlegvis inviterer biblioteket inn kjente, store forfattarar utanfrå bygda til bokkveld. Men i år kunne dei hente inn heilt rykande ferske, lokale forfattarar med stort engasjement for ein, spesiell ting; badstue. 

Hallgrim Rogn og Knut Lerhol har i haust gitt ut boka, Badstufolk. Her tek dei for seg alt fra historia om badstukulturen, menneska bak, oppskrifta på dei beste badstuopplevingane og korleis dei sjølve vart slike storstilte entusiastar. 

Engasjert dreg dei publikum gjennom nokre kapittel og utdrag frå boka, dei byr på artige historier og deler ivrig om korleis deira badstu-reise har vore frå barndommen, og fram til vaksen alder. 

 

- Ein flott og triveleg kveld 

Under bokkvelden var det og eit musikalsk innslag frå Anna Ødegården og Kari Hagaseth, som fremførte vakre toner for publikum. 

Biblioteksjef Marianne Riste sa seg godt fornøgd med kvelden, og håpa at folk koste seg. 

- Dette har vore ein særs flott og triveleg kveld. Fyrst engasjert badstu-prat frå Hallgrim og Knut, det er utruleg artig å høyre på dei som nesten bobler over av ting å fortelje, smiler Riste. 

- Nydeleg, musikalsk innslag frå Anna og Kari, det var verkeleg stemningsfullt. Og til slutt utdeling av den gjeve positivprisen, det er eit like stort høgdepunkt kvart år, seier ho. 

 

Sjå fleire bilete frå kvelden nedafor.