Langvarig og solid innsats for born og unge på Åsvang sikra Egil og Terje Karlsen «Positivprisen 2015». Foto: Nils Rogn
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Positivprisen

Karlsen og Karlsen fekk «Positivprisen 2015»

03. desember 2015

Vinnarar av Positivprisen i 2015 vart Egil og Terje Karlsen. Ordførar Vidar Eltun delte ut prisen under bokkvelden på biblioteket onsdag. Dei får prisen for sin mangeårige innsats for born og unge på Åsvang.

«Særleg for innsatsen dei har lagt ned både ved å vera drivkrefter i utvidinga av lysløypa der utruleg mange dugnadstimar har vorte lagt ned, og dei har vore trenarar og inspiratorer for unge lovande langrennsutøvar i ei årrekke. Dette er karar som ikkje gjer mykje av seg, men deira utrettelege innsats vert altså no sett pris gjennom denne tildelinga» fortalde Eltun om bakgrunnen for tildelinga.

Sjølv om dei måtte lokkast og lurast til biblioteket denne kvelden, gav dei uttrykk for glede over å få denne utmerkinga, men som dei sa det sjølv:

– Dette arbeidet gjer me berre fordi me har glede av det sjølv.

I tillegg til sjølve prisen var det blomar til konene Hanne og Marit.

Tidlegare på kvelden sytte Arnhild Litlere, Sigfred Hovda og Ole og Knut Aastad Bråten for ein triveleg kulturkveld på biblioteket.