FBD17A92 6CF4 4B9E 9860 AAE6ED91FD11 2
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Puls og energi med FK Vang

Puls og energi med FK Vang

28. april 2022
Med sitt store engasjement for fotball, samlende møtepunkt på Tveit stadion og sin store lidenskap for å jobbe sammen, er FK Vang ein av hovedpulsårene i bygda.

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- FK Vang skapar ein utruleg god og trygg møteplass på tvers av alle aldre. Her kjem alt frå yngste generasjon fotballspelarar, til supportere i eldste garde. Det er eit møtepunkt og ein samlingsplass for heile bygda, seier Gunn Audhild Tørstad, trenar og sportsleg leiar i FK Vang.

Ho har gått får å sjølv vera aktivt spelar i ungdommen, til å engasjere seg som vaksen. Både som trenar, fotballmamma og sportsleg leiar i klubben sjonglerer ho fotball og frivilligheit i kvardagen. Gunn Audhild har vore trenar for Gutter 12 i snart seks år, og synes det er motiverende å sjå barna samarbeide på banen. 

- Den aller beste grunnen for å engasjere seg så mykje er jo fordi det er givande å bruke tid med barna og bli kjent med dei på ein heilt anna måte. Ein får jo ein heilt spesiell kjemi og kontakt. Samstundes må ein engasjere seg for å kunne gjere ein forskjell, smiler ho. 

 

Samspill og samarbeid 

Sjølv om gullmedalje og fyrsteplass smaker godt, er ikkje dette viktigst i FK Vang. Her handlar det om å skape ein god møteplass, ha det artig i lag og kunne samarbeide på fotballbanen. Klubben har i dag omlag 80 aktive spelarar, og det trengs ingen forkunnskap for å melde seg inn og bli med. 

- Sesongen varar for mange heile året, ettersom nokre av laga trenar heile tida. Men i utgangspunktet er det fotballkamper frå slutten av april til og med september. Laga bestem sjølv når dei byrjer med treninger på vinteren / våren, seier Haakon Wahlquist, leiar i FK Vang. 

Han fortel at det ikkje stilles krav til anna utsyr enn at ein har fotballsko og leggbeskytter, utover dette kan du trene i kva du sjølv ynskjer. 

- Det er heller ingen spesifikke krav til medlemmar av FK Vang, men det er fint om dei er med å gjer det så hyggeleg som mogleg for seg sjølv, medspelarar og motspelarar, smiler Wahlquist. 

Medlemskontigent varierer frå ulikt aldersnivå. Før 10 år kostar det 500+50, fra 10 år og opp kostar det 800+50 og seniorspelarane betaler 1600.

- Sjølve medlemskontingenten er billig, men samla med treningsavgift blir det litt meir, seier han. 

 

Lange tradisjonar i FK Vang

FK Vang vart stifta heilt tilbake i 1991 av Høre/ Ryfoss IL og Vang Kam, og har utmerka seg som ein tradisjonsrik lokalklubb i bygdesamfunnet. I fleire år har fotball vore ein sentral idrett i Vang, og mang ein ungdom har lagt ned treningstimar på Tveit stadion. 

Klubben forsøker etter beste evne å drifte heile stadion sjølv, alt frå dugnadsarbeid på området rundt, til vedlikehald av kunstgrasbanen. Difor er også dugnadsånd ein stor del av det å vera med i FK Vang. 

- Me har alltid behov for fleire frivillige. Alt frå kioskvakt til kampvert, trenarar og folk i styret. Og sjølvsagt deltagelse på dugnadsarbeid. Me treng alltid fleire hjelpande hender, seier Tørstad. 

- Ein treng jo ikkje melde seg opp til noko fast, men om du har lyst til å bidra litt no og då er det ingenting i vegen for det. Me i FK Vang sett berre utruleg stor pris på det, smiler ho. 

 

Lærer av kvarandre 

På Gutter 12 laget spelar både jenter og gutar saman, og det er noko forskjell i alder. Dette for å danne eit komplett fotballag. Kvar måndag og torsdag har dei trening frå 18.00-19.30, i tillegg spelar dei kampar både på heimebane og andre stader i Valdres. 

Ein av dei som spelar på laget er Peter Haaverstad (11). 

- Eg flytta til Vang for snart tre år sidan, og då var det veldig fint å kunne bli med i FK Vang. Eg hadde spelt mykje fotball før, og dette var ein fin måte å bli kjend med folk på min alder, seier han. 

- I tillegg er jo fotball veldig gøy. Følelsen av å få score mål eller gjere det bra på banen saman er utruleg morosam. Det er fint at ein må samarbeide mykje når ein spelar, smiler Haaverstad. 

Han fortel at dei ofte spelar kampar mot andre i Valdres, og at det er artig å både bli kjend med fleire, men og lære av kva dei andre laga gjer. 

- Så blir ein jo litt sliten også, men det er jo litt deilig i blant, ler han. 

 

Fotball betyr mykje 

Ein veteran i FK Vang, ja nærmast ein bauta for heile klubben, er trenar Ola Rogn Tveit. I over 40 år har han lagt ned utallige timar frivillig arbeid for klubben i tillegg til å vera trener for A-laget. 

- Eg er nærmast vaksen opp på fotballbanen her. Eg byrja å spele fotball då eg var 12 år, og sidan den gong har eg vel alltid vore engasjert på eit eller anne vis, smiler Ola Rogn Tveit, trenar for A-laget. 

Han beskriver engasjementet for fotballen nærmast som eit orkester der alle må samspille. Alt må stemme. Alt må klaffe. Og når det gjer det - finnes det ingen betre kjensle i heile verda. 

- Det er jo utruleg artig å få desse karene her til å prestere så godt som dei kan, både åleine, men også som eit lag. Eg får nok utløp for noko gjennom fotballen. Det betyr mykje og det rører ved ein både på oppturar og nedturer, smiler Rogn Tveit. 

A-laget frå FK Vang består av 20 spelarar og laget er per dags dato i 6. divisjon. Dei har treningar fredagskvelder og tirsdagskvelder frå 19.30 og utover. I heile vinter har dei spelt vinterserien inne i Valdreshallen på Leira. 

- På laget er det ikkje berre vangsgjeldinger faktisk. Det har vore ein fin tradisjon at spelarar frå andre Valdreskommuner som ynskjer, kan få spele på FK Vang. For vår del er det berre triveleg at me får med fleire folk, seier trener Rogn Tveit. 

- Du veit, FK Vang og fotballen er jo på mange måtar pulsen i bygda. Det betyr mykje for mange og er eit utruleg flott møtepunkt for alle, smiler han. 

 

Godt samhold i laget 

Kjell Magne Kvale har spelt fotball sidan har var liten, og starta sin karriere på banen allereie hjå laget VangKam. 

- Eg spelte mykje fotball då eg var liten, det trur eg berre var ein naturleg del av oppveksten. Eg vaks opp i byggefeltet i Vang, med ein ballbinge rett nedanfor, så då vart det ofte fotball på ettermiddagene, smiler Kvale. 

Han hadde eit opphald frå fotballen ein god stund, før han seinare kom tilbake og engasjert seg som trenar for juniorlagene i mange år. Ein viktig oppgave han tok på største alvor. 

- Det er fint å engasjere seg som trenar og ha ein anna rolle enn berre spelar også. Det å kunne bidra inn i klubben har vore veldig fint, seier han. 

Etter at barna hans vart eldre, vart og lengselen tilbake til spelardrakta stor. Brått var Kvale tilbake på A-laget som spelar, og stortrives saman med lagkameratane. 

- Det er eit utruleg godt samhold i laget. Ein blir kjent på ein heilt anna måte når ein tilbringer mykje tid saman, men også det å både vinne og tape i lag. Det knytter ein saman, smiler Kvale. 

- Og på ein fredagskveld går ein tross alt berre glipp av The Voice og fredagstacoen, det er det jammen verdt, ler han. 

 

 

Sjå fleire bileter nedanfor frå G12 og A-laget hjå FK Vang.