Randi Ødegården driv med geit i Liagardane. Med nybygd fjøs, solid mjølkeproduksjon, direktesal av kjøt og utleige av beitetenester har ho nok å fylle dagane med.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Randi kan bli «årets unge bonde»

Randi kan bli «årets unge bonde»

08. oktober 2020

Randi Ødegården frå Liagardane i Vang kan bli årets unge bonde gjennom si framtidsretta og allsidige satsing på geit.

Med nybygd fjøs, solid mjølkeproduksjon, direktesal av kjøt og utleige av beitetenester har ho skaffa garden fleire bein å stå på etter at ho tok over bruket i Liagardane for nokre år sidan. Ho har også vore ein synleg stemme som snakkar fjellandbruket si sak. 

– Kva skal ein si? Det er jo  berre utruleg artig å verta nominert til Årets unge bonde. Eit stort klapp på skuldra i ein hektisk bondekvardag, fortel Randi.

Kåringa har rulla ei årrekke og berre ein nominasjon seier noko om at Randi har gjort nokre gode prioriteringar i sine fyrste år som gardbrukar. 

«Hensikten med kåringen er å finne fram til ledende unge bønder i Norge og kåre den beste blant disse. Kriteriene for å bli Årets unge bonde er enkle: Bonden må være matprodusent, under 35 år, og et sunt forbilde som kan inspirere flere kloke hoder og driftige hender til å finne veien til norsk landbruk».

Både ho og heile Vang set stor pris på ei stemme eller ein deling i sosiale medium.

I premiepotten er både reisestipend, varer frå Felleskjøpet og ei veke med avløysar. Norges bygdeungdomslag har regien på konkurransen.

Les meir om Randi hjå både NRK, Avisa Valdres.