129CB4CE BE10 4B41 A9FD 700E81C1E592 1 201 A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Redd liv med ein hjertestarter

Redd liv med ein hjertestarter

23. januar 2022
I Vang er det registrert 18 hjertestartere i det offentlege hjertestarter registeret. Her finn du ei oversikt over kor i bygda dei er plassert.

I nokre tilfeller er det livsviktig å ha tilgang til ein hjertestarter. Eit tidleg straumstøt gjennom brystet fra ein hjertestarter, kan ofte få hjerte til å begynne å slå igjen - og heile 75% av dei som får straumstøt i løpet av dei tre fyrste minuttene - overlev!

Det er difor utruleg viktig at ein danner seg ei oversikt over kor dei ulike hjertestarterne er plassert. I Vang er me så heldige å ha heile 18 hjertestartere. 

Her finn du ei liste over kor i bygda dei er plassert:

  • Nystuen panorama
  • Tyin-Filefjell skisenter 
  • Lager løypelaget ved Tørrisplassen 
  • Joker Filefjell
  • Tyin-Filefjell 
  • Ola S. Grøv 
  • Grindaheim Rødekors 
  • Helin Grindaheim Rødekors 
  • Coop Prix Fjellvang 
  • Valdres Sparebank 
  • Vang brannvesen 
  • Vang Flerbrukshall 
  • Synshagen Næringspark 
  • Sørre Hemsing 
  • Klubbhuset Åsvang 
  • Fjellblom IL garasje 
  • Tveit Stadion
  • Ryfoss brannstasjon 

Du finn ei mer detaljert oversikt, med adresse og nøyaktig posisjon ved å klikke deg inn på Hjertestarterregisteret og søke opp Vang. 

 

Registrere ein hjertestarter? 

Det offentlege Hjertestarerregisteret driftes av helsemyndighetene og gjer hjertestarere synleg i alle 113-sentralene. Er du ansvarleg for ein hjertestarter? Då kan du registrere den her. 

Ein hjertestarter i ditt lokale område kan være livsviktig, dersom nokon får hjertestans. 

Takk til alle som bidreg og redder liv, og takk for at du tek deg tid til å få ei oversikt over hjertestartere i Vang!