F9E950A9 1B52 4922 ADF1 BF8FA6A572D2
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Reklamefilm overtyda Dominik om livet i Vang

Reklamefilm overtyda Dominik om livet i Vang

17. februar 2022
Ein lystig reklamefilm om Vang overtyda Dominik Kilian Schmidt-Philipp (35) om å ta steget og flytte frå Tyskland til fjellnorge.

- Den reklamefilmen er eit veldig godt minne. Den ga meg tru og håp om at livet i Vang var fylt med positivitet og mykje flotte folk. Her er det rom for å skape og etablere noko om ein vil, seier Dominik. 

No har herremannen frå Tyskland landa stødig i et kollektiv på Vennis, med rolege omgivnader og storslått utsikt. 

Opprinneleg er Dominik født og oppvaksen i Tyskland. Han er utdanna lydingeniør og har i mange år laga eigen musikk. På søken etter eit sted å finne fotfeste og etablering av musikkstudio, har han vore på flyttefot fleire gonger. 

- Eg kom til Vang fyrste gong i 2007, for å besøke kjente av familien min. Den gongen visste eg nok ikkje at det var her eg til slutt skulle ende opp. Etter studier i Østerrike og Stavanger, bestemte eg meg for å vende attende til bygda som sjarmerte meg ved fyrste augekast, smiler han. 

 

Lagar musikk i gamal NRK bil 

Dominik har studert lydingeniør ved Institutt for Elektronisk Musikk og Akustikk i Østerrike, og driv eit lite mobilt musikkstudio i ein gamal NRK bil. 

- Det er lett finne ei seng her i verden, men et musikkstudio finn du ikkje overalt. For å kunne spille inn musikk treng du eit lydtett, relativt isolert rom. Det var slik eg kom på ideen om å innrede ein bil, smiler Dominik. 

- Brått kom eg over ein annonse på Finn.no. Der var ein gamal NRK bil lagt ut for sal, og eg tenkte berre ¨herregud, denne må eg ha!¨. Og slik vart det. No produserer eg musikk i bilen, ler han. 

Dominik spelar mange forskjellige instrument, og likar å eksprimentere med ulike lydar på ein kunstnerisk måte. 

- Enn så lenge har ikkje musikkarrieren take heilt av endå, så eg har og fått meg ein jobb i Hallindal Lyd, for å få inn litt inntekt. Så no skal eg pendle mellom dalførene, seier han. 

I tillegg til å produsere musikk, jobbar Dominik som kulturskolelærar i Vang. Og frå hausten tilbyr han faktisk et heilt nytt fag for ungdommen; "Musikkteknologi". 

- Det blir utruleg spennande å få lov til å lære bort det eg brenn for til ungdom i Vang. Det er nyttig kunnskap, smiler han. 

 

Arrangerer konsert i morgon 

I morgon arrangerer han også konsert i lavvoen på Njukadn. Her blir det bål, elektroniske og akustiske lyder, kaffi, musikk og hygge.

- Me regner med at det er plass til 15 personer inne. Konsertdelen skal oppføres to ganger: klokka 19 og 20, seier Dominik. 

Eg håpar folk ynskjer å komme ti ein triveleg kveld med både sosialt og musikk, smiler han. 

Du kan lese meir om konserten her.