Flinke folk med høg stå-på-vilje er nøkkelen til suksess for Ryfoss Betong. Her representert ved Vegard Thune, Vidas Aglinskas, Kåre Jevne (Arbeidsformann) Endre Kårstad, Jerzy Wrotnewski. Vidas og Jerzy er leigd inn frå Tk Totalbygg AS.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Rekordår for Ryfoss Betong

Rekordår for Ryfoss Betong

26. oktober 2017

Fleire store oppdrag og ein solid arbeidsstokk syter for rekordår for Ryfoss Betong.

– Produksjonen går både natt og dag måndag-laurdag. Vi har allereie dobla produksjonen målt mot fjoråret og vi ender nok på godt over 30.000 kubikk ferdigbetong levert før året er omme, fortel Marianne B. Berge, dagleg leiar for Ryfoss Betong AS.

Det betyr at over 5500 bilar har rulla ut frå anlegga ved Kvismoen, Leira og Øvre Årdal med ferdigbetong til byggjeplassar, tunnelar og andre prosjekt i løpet av året. 

Leverer til Nasjonalmuseet

Samstundes er det ikkje berre ferdigbetong bedrifta er stor på. Denne veka er siste leveranse av såkalla «plattendekke» til nye nasjonalmuseet i Oslo.

– Vi har eit godt lag både her på huset og hjå lokale samarbeidspartnarar og det var nok med på å bikke dette oppdraget i vår retning, fortel Stig Klingenberg, sals og marknadsansvarleg ved Ryfoss Betong.

Det er stas å levere til eit signaturbygg av denne typen i hovudstaden og Klinbenberg meiner dette er noko som kan opne fleire dører for bedrifta. «Alabasthallen» som elementa frå Ryfoss betong vert brukt i vert omtala som «det spektakulære ved det nye Nasjonalmuseet.»

– Eg var med innover på fyrste levering, og den umiddelbare reaksjonen til byggjeplassleiaren var at dette var flottaste dekket han hadde sett, fortel ein travel Klingenberg.

Medan vi er innom for ein prat om rekordåret rekkjer for øvrig Klingenberg å selja 200 kvadratmeter til av plattendekket.

- Det er greit å ta unna nokre mindre jobbar no før vi byrjar med levering til neste store kunde om eit par veker.

Satsar ungt

Ryfoss betong har rekruttert i stor stil det siste året for å besette dei 27 stillingane som no er involvert i drifta.

– Vi har mellom anna hatt eit særs vellukka samarbeid med NAV der tre temmeleg unge karar utan arbeid har byrja i produksjonen her. Dei har teke ansvar og gjer ein framifrå jobb saman med dei meir erfarne karane, fortel Berge.

Ho understrekar at det er ein kompetent og arbeidsviljug arbeidsstokk som er nøkkelen til at bedrifta klarar å levere på eit jamnt høgt nivå, sjølv når produksjonen er rekordstor.

– Om ei levering dreg ut over ettermiddag og kveld stiller folk på arbeid like blide 07:00 neste morgon. Det er ein godt kultur for å ha det travelt her og eg er imponert over humøret og stå-på-vilja til dei tilsette, seier Berge.

For fyrste gong har Ryfoss betong oppretta eit nattskift dette året for å ta unna storprosjekta. Det har synt seg som ei god ordning for både kundar og arbeidstakarar.

– Nattskiftet har vorte ein samansveisa og sjølvgåande gjeng, noko som betyr at vi frå måndag morgon til laurdag ettermiddag stort sett er i produksjon. Det er heftig men artig, understrekar Berge.

Ser framover

I fjor fylde Ryfoss Betong 60 år. Med rekordomsetning i år ser bedrifta lyst på framtida.

– Vi investerte i ein bil i fjor, to i bilar i år og det ser ut til at det blir to nye også neste år. Målet er å halde trykket oppe og folk i arbeid, seier Berge. 


Det betyr at dei følgjer nøye med på status for vegutbyggingane i regionen. Samstundes held dei ein god relasjon til faste kundar.

– Vi møter stor forståing frå byggjebransjen på at vi har gått frå ein dag eller to leveringstid til om lag ei veke, så posisjonen der verkar solid. Samstundes er sjølvsagt store kundar som Hydro i Årdal viktige for oss, fortel Klingenberg.

Han har trua på at nye produkt og ein utviding av produksjonen i hallen kan vera ein riktig veg å gå får Ryfoss betong i åra som kjem.

– Vi må bruke denne perioden til å verta best på alt vi held på med. Vi får mellom anna ein unik kunnskap inn i produksjonen vår med alt som skjer no. Det ligg godt til rette for å for eksempel lage nye typar dekker eller andre produkt dei neste åra, avsluttar Klingenberg.