- Då me i 2019 fekk vite at det var bevilga 100 millioner til ny tunnel gjennom Kvamskleiva, og den nye tunnelen vart eit faktum, så datt ideen om desse tavlene ned i hodet vårt, smiler Bjørg Olimb.
Aksjonsgruppa har sidan 2012 jobba med stort engasjement og har lagt ned utallige timar arbeid, for at tunnelen gjennom Kvamskleiva skulle bli ein realitet og at folk kunne ferdes trygt gjennom Vang. I aksjonsgruppa som oppsto har Tone Lajord, Bjørg Olimb, Arve Wangensteen og Vidar Eltun vore med.
Med ny og trygg tunnel på plass, kunne aksjonsgruppa runde av 10 års målretta arbeid med å avduke to tavler med veghistoria til Kvamskleiva.
- Me er veldig fornøgd med resultatet og er takknemleg for all hjelp og støtte me har fått gjennom desse åra, seier Tone Lajord.
Viktig å ta vare på historia
Arbeidet med å lage tavlene starta tilbake i 2020. Sjølv om aksjonsgruppa ser framover og gleder seg over trygg ferdsel gjennom Vang, er dei tydelege på at historia ikkje skal gløymes.
- Dette er jo ein viktig del veghistoria til Kvamskleiva, og det er synd om den skulle forsvinne, seier Lajord.
Ho fortel at både Vang Historielag, med Nils Rogn og Tore Hovda, og Valdres Natur-og Kulturpark med Katharina Sparstad, har vore med i arbeidet med tavlene, og at det har vore svært verdifullt. Tavlene er ein del av Kongevegen, og er difor laga i det typiske ¨Kongeveg-designet¨.
- Historielaget har bidratt med mykje lokalhistorie og fleire bilete. VNK og Katharina har god kjennskap til desse tavlene fra før, og har vore ein stor ressurs for å utforme dei, fortel Olimb.
- I tillegg må me rette ein stor takk til Vegvesenet som har fundamentert og satt opp tavlene, samt Hæhre Entreprenør som var positive og behjelpelege heilt frå start, legg ho til.
Den eine tavla står i Hugavike ved parkering og bussholdeplassen, og den andre står på Neset der Kongevegen gjennom Kvamskleiva startar.
Sjå fleire bileter av avdukinga nedanfor.