Ali Obo, Thorstein Nøkleby og Ibrahim Sokho tek seg ein pust i bakken under ein av dugnadane.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Rydda fram draumestrand i sentrum

Rydda fram draumestrand i sentrum

26. august 2020


Etter fleire dugnadar er ei «ny» draumestrand rydda fram i Vang sentrum av bebuarar ved Vang mottakssenter. 

- Heile gjengen har stått på skikkelig og det har vore eit artig fellesprosjekt. No er vi på stranda kvar dag, lagar mat saman, badar og har det triveleg, fortel Ali Obo. 



Han er leiar for bebuar-rådet på Vang mottakssenter og har engasjert seg i dette og fleire andre prosjekt dei siste åra. 

Tilgjengeleg og skjerma


Det er mogleg å gå stig ned til stranda mellom Klokkarhaugen og banken. Eller ein kan gå stigen bort frå leikeparken nedanfor kommunehuset. 

– Mottaket var med på «aksjon Aqua» i vår, og det dei tente der har gått til benkar og bålpanner no. Det er artig å sjå at noko nytt vert tatt såpass godt i bruk med ein gong, og no håper vi bygdefolk og turistar også oppdagar denne perla, fortel leiar ved Vang mottakssenter, Bente Dalåker.

Det er Valdres Sparebank og Vang kommune som eig grunnen er det no er rydda fram sti og strand.



– Båe har berre vore positive frå vi kom med ideen, så dette har vore artig på alle måtar. Med denne stranda, leikeparken og badstova har Vang fått eit særs nærleik til Vangsmjøse på ein enkel og særs tilgjengeleg måte.