Nyheit

Ryddeaksjon for reine vatn i Vang

  Nyheitsarkiv
26. apr 2019
Vatn, elvar og bekker i fokus

Ein regional dugnad er skipa for å reinske opp i alle vatn og vassdrag i Valdres.  

Aksjonen er ein del av Hold Norge rent - og har fått namnet  «Aksjon AQUA – Reine vatn i Valdres»

Hovudtrykket av rydding lyt skje no før vatnet stig. Dette har til dømes FK Vang lang tradisjon for å gjera i Vang og klubben har allereie gjett dei ulike aldersbestemte laga ansvaret for kvar sine strekningar langs Vangsmjøse og Nørsvinsfjorden. 

Ryddedag og ryddeveke

Gjennom denne aksjonen og særleg «Strandryddeveka» 28. april - 5. mai og «Strandryddedagen» 4. mai er målet at også vi andre skal ta ei skikkeleg tak. 

- Start med nærområdet og når det er kontroll der så ta ein jordekant eller eit strekke langs bekken eller elva det er naturleg for deg å rydde, seier Torkjell Haugen som koordinerer aksjonen via Valdres friluftsråd.

Også Valdres Kommunale Renovasjon og Naturvernforbundet i Valdres er samarbeidspartnarar for aksjonen.

– Før og etter Strandryddedagen oppmodar vi folk til å nominere/registrere ekstra forsøpla og utfordrande stader på www.ryddeportalen.no , og ut i fra registreringane vil vi arrangere godt organiserte ryddeaksjonar med forsterket mannskap og utstyr så langt midlane rekk utover mai og juni, lovar Haugen.

Det er nyleg opprettet ei facebook-gruppe for denne aksjonen : 

– Bli med i gruppa og skap engasjement! 

Ryddemateriell som hansker, vester og søppelposer kan hentes ut på følgende steder i Vang under Strandryddeveka:

  • Øye Bygg og bo
  • Frivillighetssentralen/biblioteket i Vang
  • Joker Ryfoss
  • Coop Prix Fjellvang, under Coop rydder Norge

Søppel som ein har samla kan leverast på avfallsplassen på Synshagen, eller på merka container ved Coop Prix Fjellvang.