Ryfoss Treningssenter (1 Of 8)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ryfoss treningssenter opnar dørene

Ryfoss treningssenter opnar dørene

16. juni 2020

Endeleg opnar Ryfoss treningssenter dørene att. Møteplassen i Ryfoss nærmar seg 20 år og er i stadig utvikling. 

– Det er godt å koma i gang att no. Eg trur folk har sakna både treningstilbodet og møteplassen Ryfoss treningssenter er, fortel Margrethe Ann Fagerheim. 

Saman med kollega Gudrun Gustavsen har dei snart tjue års erfaring som drivarar av treningssenteret i bygda. 

- Det har vorte hobbyen vår og alt som kjem inn på drifta går til oppdateringar og oppgraderingar.  

Mykje nytt

Sist ut på lista over investeringar er nytt nøkkelsystem og ein stor overhaling av heile senteret.

– Det byrja med at vi skulle ordne oss eit lite kontor. Det endte med at heile senteret vart måla opp att og at belysning vart skifta ut. 

Samstundes passar dei på å alltid ha oppdatert utstyr og skifte ut det som vert slitt. Når ei løpemølle kostar 100.000 kroner og talet på spinningsyklar har økt frå tre til ti er det lett å skjøne at overskotet frå hobbyen ikkje er stort.

Lett å koma i gang

Med det nye låsesystemet kan dei gje tilgang på direkten til dei som ynskjer å teste ut tilbodet.

– Det er ekstremt viktig å vera tilgjengeleg. Tek du kontakt fiksar vi oppstartstime same dag om det er eit ynskje. Vi har også både hyttefolk og turistar som plutseleg ynskjer å trene. Då fiksar vi tilgang og dei vippsar over for treninga. 

Det er 18 års aldersgrense på treningssenteret på grunn av solsenga, men med spesiell avtale er det høve for å trene også for yngre personar. 

– Det har til dømes vore ungdom som har treft kvarandre her etter skuletid for å trene.

Proff trenar

Dei siste åra har Henriette Ottesen bidrege til å heve nivået på treningssenteret fleire hakk.

– Ho arbeidar som personleg trenar på Myhrens treningssenter i 0slo og kan trening. Ho bidreg både med innspel til utstyr og med kurs og treningsvegleiing for dei som ynskjer det. 

Det er også fast spinning gjennom vinteren med påmelding via facebooksida der Margunn Hålien har vore instruktør denne vinteren.

Møteplass for mange

Då dei skulle i gang med treningssenteret i 2004 vart det gjort ei undersøking i nærområdet om folk ynskte seg dette.

– Då fekk vi eit svar med full namn og alt der det stod «eg kjem aldri til å nytte meg av dette, men  ynskjer dykk all mogleg lukke til». Han har no trena her fast omtrent sidan vi starta opp, ler Fagerheim.

Det er familiar der tre generasjonar trenar saman og det er generelt ein møteplass for alle aldrar og ambisjonar.

– I vinter var det to karar som båe hadde vorte pensjonistar. Dei møttast her og skravlar like mykje som dei trenar før turen går bort på Jokern eller til Sara for å drikke kaffi. Den eldste som trenar fast her er ellers nitti år.