Bendikhassel Stemning 1
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Samhold og fellesskap i Vinjerock

Samhold og fellesskap i Vinjerock

13. januar 2023
Med nærmare 750 frivillige kvart einaste år, står fellesskap, samhold og positivitet aller høgaste når Vinjerock arrangerar festival i høgfjellet!

SKREVET AV: Ida Nordland Hillestad, Innovangsjon. 

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

- Det er jo det Vinjerock handlar om, dette samholdet og felleskapet som me i lag skaper både før, under og etter festivalen, smiler festivalsjef Guro Furunes Pettersen. 

Ho tok over stafettpinnen som sjef i sumar, og har no sin fyrste sesong som sjef for heile festivalen. Sjølv om Furunes Pettersen er ny i akkurat denne rolla, har ho lang fartstid i Vinjerock-eventyret. 

- Eg har vore frivillig i Vinjerock mange år før eg fekk stillinga som bookingsjef, og no festivalsjef. I utgangspunktet hadde eg aldri sett for meg å bli leder eller sjef nokon gong, men er det ein plass det er superfint å få lede, så er det jo Vinjerock, smiler festivalsjefen. 

- Det er nok verdigrunnlaget til Vinjerock som gjer denne jobben ekstra givande og verdifull. Det inkluderande, positive og flotte samholdet som finnes i både staben og blant dei frivillige, er heilt unikt og utruleg flott. Ein er aldri åleine når ein arrangerer Vinjerock, legg ho til. 

 

Meir enn berre ein festival 

Dei aller fleste kjenner Vinjerock som den storarta og unike festivalen i høgfjellet, ja - årets høgdepunkt, om du vil. Det mange ikkje veit, er at Vinjerock er langt meir enn berre ein festival. 

- Fyrst og fremst lagar me jo festivalen om sumaren, og det er jo det største me held på med. Likevel har me mange arrangement og tilstelninger gjennom året, som gjer Vinjerock til mykje meir enn berre sjølve festivalen, seier Furunes Pettersen. 

Blant anna arrangerer dei Vesle Vinje for alle 5 åringar i barnehagen, der dei får vera med å lage sin heilt eigne miniversjon av Vinjerock. I tillegg er det dei siste åra vorte tradisjon med Hausttakkefest med både marked, middag og konsert. Og sist, men ikkje minst har Vinjerock i mange år arrangert Vårt nabolag med mottaket i Vang. 

- Me har mange slike type arrangement, noko som gjer at Vinjerock favnar mykje breiare. I 2023 har me mykje spennande planar og ideer på blokka, så det er berre å følgje med utover året, smiler festivalsjefen lurt. 

 

Heilt avhengig av frivilligheit 

Limet og det heilt avgjerande for festivalen og alle tilstelninger gjennom året, er frivilligheit. Positive folk som engasjerer seg i det Vinjerock vil skape, og bidrar med all sin kunnskap og alt sitt engasjement.

- Å lage Vinjerock utan frivillige, er heilt umogleg. Me er heilt avhengig av å ha med oss alle dei flinke, flotte frivillige kvart einaste år. Og for ein jobb dei gjer! Dei er heilt utrulige, smiler Furunes Pettersen. 

Ho fortel at festivalen treng omlag 750 frivillige kvart einaste år, til alle moglege oppgåver. Nokon rigger opp området, nokon står i baren, nokon er artisvertar, noko held orden på parkeringa og andre jobbar i Solskinnspatruljen med å passe på dei frivillige. Det er flust av arbeid som skal dekkjast opp med flinke folk! 

- Det krevst ingen forkunnskaper for å delta som frivillig, og det er difor ein ganske god moglegheit for å teste ut arbeidsoppgaver som kan verke interessante, og lære mykje nytt! Dei einaste me krever at har erfaring, er sanitet; for alle sin skyld, ler festivalsjefen. 

Allereie før festivalen startar oppe på Eidsbugarden, får dei frivillige moglegheiten til å bli kjent, via Vinje Rockehøgskule. Ei helg i juni der alle blir kjent, lærer om Vinjerock og oppgåvene, og ikkje minst har det kjekt i vakre Vang. 

- I tillegg får ein jo nokre goder som frivillig under Vinjerock. Blant anna får ein festivalpass, transport frå Tyin og inn til Eidsbugarden, mat og drikke, og kanskje aller best - mange nye, herlege venner for livet, smiler Furunes Pettersen. 

Ho understreker at sjølv om det er aller mest gøy og kjekt å vera frivillig, så stilles det også nokre krav. 

- Me forventer at dei som er frivillige møter opp og gjør dei oppgåvene dei har blitt tildelt. I tillegg er det utruleg viktig at dei bidreg til å passe på kvarandre, og bidreg til eit trygt, positivt og godt miljø. Du veit, stemninga blir jo så bra som vi gjer den til sjølv, seier festivalsjefen. 

 

Har du lyst til å bli frivillig under Vinjerock? Så kult, for i dag opnar nemleg skjemaet for å melde sin store interesse! Klikk deg inn på lenka og søk i veg! 

Har du spørsmål? Vinjerock har ein supertriveleg frivilligsjef, og det er låg terskel for å svinge innom mailboksen! 

 

Vinjerock for alle!

Anten du er med som frivillig eller er publikummer, så skal Vinjerock vera ein arena for alle. I år arrangerast festivalen frå 20.-23. juli, som alltid - på Eidsbugarden! 

- Eg gler meg utruleg til årets festival, det blir jo på ein måte fyrste gong eg er sjef heilt åleine, så det er både skummelt og spennande, og veldig gøy! Så veit eg jo at eg aldri er heilt åleine. Tenk så mykje flinke folk som er med, seier festivalsjefen engasjert. 

Ho fortel at det er spesielt ein ting som er veldig viktig når ein er på festival, tusen meter over havet. 

- Å passe på kvarandre er kanskje det aller viktigaste. Me er i fjellet, og det er viktig å vera forberedt på. Været skifter fort og Eidsbugarden ligg langt inni fjellheimen. Ser du nokon som manglar ullgenser eller votter, og du har til overs, så vær raus og lån bort! Då blir det ein varm og trygg festival for alle, smiler Furunes Pettersen. 

- Det er kanskje det som gjer Vinjerock til ein så fin møteplass. At me alle er der for å ha det utruleg fint og at me alle tar vare på kvarandre. Vinjerock er for alle, avsluttar festivalsjefen.

 

Sjå fleire bileter frå festivalen nedanfor.