Dagleg leiar Lisa Opheim og frisør Kine Johanne Kvannefoss er særs godt nøgde med dei nye lokala for Føsse frisørstudio i Ryfoss sentrum.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Satsar i eige bygg

Satsar i eige bygg

08. januar 2021

Føsse frisørstudio har flytta inn i nyoppussa lokale i Ryfoss.

– Eg storkosar meg her i Ryfoss og set stor pris på å kjenne dei fleste kundane. Det å flytte over i eit bygg vi eig sjølv føler eg er positivt for både bedrifta og Ryfoss, fortel Lisa Opheim, dagleg leiar av Føsse frisørstudio. 

Saman med frisør Kine Johanne Kvannefoss tek ho no i mot kundar i det nyopprusta lokalet. Dei har mykje å gjera om dagen med fulle timeplanar veka gjennom. Ut over klypp går det i striping, farging, permanentar og det meste anna.

– Vi følgjer alle restriksjonar og kan korkje servere kundane kaffi eller ha ein skikkeleg opningsfest, men ut over det glir deg godt for både oss og kundane.

Bygget er på andre sida av gata av der frisørstudioet held til før. Dette bygget kjøpte Lisa i lag med sambuaren Lars-Ådne Schlytter for nokre år sidan og saman har dei planlagt og gjennomført ei temmeleg hefting opprusting.



– Heile etasjen er bygd opp frå grunnen av og eg har ikkje tal på kor mange kveldar og helger som har gått med her, og særleg Lars Ådne har gjort enormt mykje. Det har vore eit krevjande løp, men når vi no er i gang i nye lokale der både vi og kundane trivast godt er det verkeleg verdt det. No er vi klare for ei lang framtid i Ryfoss både med og uten korona!

I dei gamle frisørlokala er Irene Vengel Remmen i ferd med å etablere ein bruktbutikk kombinert med lokalt handverk og tekstilar.

– Det er spennande med fleire butikkar, treningssenter og kafe her i sentrum. Og så vert det litt trivelegare å halde på når det er lys i fleire glas her!