Fullsizeoutput 14D6
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Satsar på grønsaker i høgfjellet

Satsar på grønsaker i høgfjellet

10. august 2021
Innramma av slåande vakker natur, djupe dalar og høge fjell veks det frodig heime på garden hjå Anne-Guri Wahlquist Søndrol. Nyleg starta ho opp eige markedshage og satsar no på økologiske grønsaker.

- Det er litt meir arbeid enn eg hadde sett for meg, men på sikt trur eg dette blir særs bra. Eg kallar dette for eit oppstartsår, med litt prøving og feiling. Me byrjer fyrst for fullt neste år, smiler Anne-Guri Wahlquist Søndrol.

Då ho og mannen Haakon Wahlquist overtok garden heime på Søndrol for to år sidan, ville dei sikre ein liten inntekt og drift på garden. Det var likevel kun tilfeldigheiter som gjorde at det no veks jalapenos og tomatillo 600 høgdemeter over havet. 

- Veldig tilfeldig og brått bestemte eg meg for å ta nokre kurs i økologisk dyrking av grønsaker over internett no i januar. Eg tenkte at det ville vore morosamt å prøve og sjå om eg fekk det til. No gjenstår det å sjå, men det er eit godt tegn at det spirar, gror og veks, ler Wahlquist Søndrol. 

 

Vil starte eige utsalg 

Som ho sjølv seier - dette er berre eit prøveår. Det er fyrst til neste år alt skal være strukturert og nøye planlagt. Likevel er Anne-Guri godt i gang med dyrking, og allereie denne hausten skal ho starte opp eit lite utsalg av grønsakar. 

- Det kjem veldig an på kva som blir ferdig og kor mykje eg får av kvart slag. Planen er å kunne lage grønsaks-kassar for utsalg, slik at folk kan få ein smakebit av litt forskjellig, seier Wahlquist Søndrol. 

I markedshagen på Syndrol finn du alt frå tomat, agruk, mais, squash, kålrot, brokkoli, ulike salatar, sukkererter, potet, gulrot og mykje meir. 

- Me har vore opptatt av at det skal væra eit breitt tilbod og kanskje ikkje heilt dei vanlege grønsakane som alle er vande med. Det er også ekstra morosamt for meg å kunne tilby noko som ikkje er heilt vanleg i Vang, smiler ho. 

Anne-Guri dyrkar etter økologiske prinsippar. Det vil sei at det ikkje finnst eit einaste sprøytemiddel i grønsakane. 

- Teknisk sett har eg ikkje lov til å kalle det økologisk før eg får Debio-godkjenning, men me reknar med å få denne på plass etter kort, seier Wahlquist Søndrol. 

 

 

Ekstra søt og god smak 

Ein skulle kanskje tru at grønsaker høgt til fjells ikkje har mykje for seg, men tvert om, dei blir faktisk ekstra gode av frisk fjellbris og kalde sumarnetter. 

- Grønsaker veks saktare i fjellet. Den kalde temperaturen gir akkurat passe motstand, slik at plantane blir kompakte og robuste. Grønnsakene får god kvalitet og ekstra søt smak, smiler Wahlquist Søndrol. 

Ho fortel at det dog er mykje arbeid å halde alt vedlike og passe på at alle plantar har tilstrekkelig med vatn for å vekse. 

- Heldigvis er eg heldig og får luke - bistand av Haakon, han er flink og hjelper til der det trengs, seier Anne-Guri. 

- Me har fortsatt mykje som skal ordnast og på plass før me er heilt der me ønsker å væra, men dette er en fin start og eg håpar folk har lyst til å ta turen innom i haust. Enten for grønsakar eller blomer, smiler ho.

- Det vil bli annonsert meir informasjon på facebooksida vår framover. Me jobbar og med ei eige nettside. Det er berre å følgje, legg ho til. 

 

Du kan følgje Søndrol Markedshage og Gård på facebook og instagram.