Veronica Lungu følgjer gründerdraumen og har starta to nettbutikkar med eit handplukka utval hudprodukt.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Satsar på hudpleie

Satsar på hudpleie

19. oktober 2020

Med agentur på eit heilt nytt hudpleiemerke i Noreg har Veronica Lungu (25) lansert to nettbutikkar samstundes som ho sel direkte til kundar i Valdres gjennom førjulstida.

– Eg er interessert i feltet og eg har verkeleg trua på at båe desse merkene høyrer heime i den norske marknaden, fortel Veronica Lungu.

No i haust har ho difor lansert to nettbutikkar (Mr. Scrubber og Letique) med tilhøyrande sosiale kanalar (Mr. Scrubber og Letique).

- Salet er godt i gang allereie. Nokre finn produkta via nett-søk, men det verkar som Instagram og samarbeid med dei rette folka der er viktig for å nå ut.

Mr. Scrubber og Letique

Det er merka Mr. Scrubber og Letique som foreløpig er i porteføljen til Lungu. Ho har sikra seg det norske agenturet for Mr. Scrubber som ho allereie har gode erfaringar med.

– Vi snakkar om fornuftig prisklasse, ei brei produktportefølje og flotte innpakningar som egnar seg godt til gåver.  



Merket har vorte stort i heimlandet Moldova og er no på veg ut i verda. Det andre merket ho sel er Letique, som har få seljarar i Noreg men eit godt rykte internasjonalt.
 

- Letique har revolusjonert anti-cellulittebehandlingen og gjennom det skaffa seg eit internasjonalt marknad for alle produkta sine på berre få år. Saman med Mr. Scrubber har eg ei god breidde i produkt av god kvalitet som ikkje alle andre konkurrentar fører. 

Stand på Fagernes kjøpesenter

Fleire ulike sals- og marknadsføringskanalar vert testa ut no i starten av gründertilværelsen og denne laurdagen er ho å finne på Fagernes kjøpesenter.

– Dette er stort sett nye produkt i Noreg, samstundes som det er noko alle treng. Difor er det eit trygt val som gåver og eg trur det er moglegheiter her lokalt no i førjulstida.

Går det som planlagt vert det fleire helger på kjøpesenteret i november og desember.

– Ved sidan av direktesal til kunde er planen å samarbeide med salongar. Det kom faktisk inn ein melding via Instagram denne veka frå ein salong som hadde oppdaga produkta og ville ta dei inn, så det lovar godt. 

Trivast som gründer

Få månadar etter at ho registrerte foretaket sitt er ho altså sett opp med nettbutikkar, agentur, solid marknadsføring og brei produkt-portefølje. 

– Det har vore mykje jobb i sommar, men motivasjonen er å skape sin eigen arbeidsplass der eg driv med noko eg trivst med kvar dag. Sambuaren min Frank har elles vore ei god støtte heile vegen og både nettbutikk, produktomtaler og mykje anna hadde ikkje vore det same utan han.

Ho er fult klar over at det er ein knallhard marknad med mange konkurrenter ho er på veg inn i, men at det er krevjande å lukkast er berre ein del av motivasjonen. 

– Eksempelvis er samarbeidet med influensarar temmeleg vrient og fort ganske kostbart. Ein må treffe rette personen for å få noko bra ut av det, men det er nokre gode samarbeid på gang som eg har trua på!