Fullsizeoutput 1593
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Set litteraturen i sentrum

Set litteraturen i sentrum

26. august 2021
Alle Valdresbiblioteka har gått saman om å setje litteraturen i sentrum. Dei arrangerer no tre veker med litteraturfest og har over 50 arrangement på blokka!

- Det er eit stappfullt program med mykje forskjellig. Eg håpar me har klart å få til noko spennande for alle, smiler Marianne Riste, biblioteksjef ved Vang folkebibliotek. 

Det er god tradisjon for samarbeid mellom biblioteka i Valdres og no tek dei samarbeidet eitt steg vidare med å skipe til Valdres Litteraturfest! 

 

Vil skape ein årleg tradisjon

Marianne fortel at ideen om litteraturfest kom på eit felles møte med alle biblioteksjefane i Valdres.  

- Det hadde vore stille så utruleg lenge og me var alle huga på at det skulle skje noko artig for alle, seier Riste. 

- Då var det nokon som kom med ideen om ein stor litteraturfest for heile Valdres. Då kunne me jo verkeleg setje litteraturen i sentrum, fortel ho ivrig.

- Tanken er at dette skal bli ein årleg tradisjon som alle biblioteka er med på, så håpar me det slår an, smiler Riste. 

 

 

Mange arrangement 

Det er ikkje småtteri av arrangement på blokka for biblioteket i Vang. Det er planlagt fleire typar arrangement, nokre av dei er berre for skuleelevar og barnehagen, mens dei fleste er opne og arrangerast på biblioteket i Vang. 

- Me har eit bredt spekter av arrangement og hendingar gjennom dei tre vekene, og eg håpar at me har klart å få til noko som kan vera spennande for alle, smiler Riste. 

På planen står blant anna litterær lunsj med Are Flaten, kunnskap til lunsj; Henrik Ibsen og Ragnhild Lund, lesesirkel, Erling Greftegreff blir avhøyrt av Marianne Kolstad og mykje meir! 

- Det kan vera ein god ide å melde seg på til biblioteket om det er noko ein verkeleg vil få med seg, sidan det er plassrestriksjonar i haust også. Men det er mogleg å kome på døra, vi slepp inn, så framt det er ledig plass,, smiler Marianne. 

- Det blir også boksal og bokutstilling ¨Denne boka bør du lese!¨ under heile litteraturfesten, legg ho til. 

 

Sjå fullt program for Vang bibliotek nedanfor:

 

Tysdag 31. 08 klokken 17.00: Marianne Isachsen held ope kunstinstallasjonen bok rom for Vang folkebibliotek. 

Onsdag 01.09 klokken 19.00: Thorvald Steen fortel om seg sjølv og Valdres. 

Tysdag 07.09 klokken 19.00: Lesesirkel; ¨Hendelser ved Vann¨ av Kjerstin Ekmann.

Onsdag 08.09 klokken: Litterær lunsj med Are Flaten.

Torsdag 09.09 klokken 18.00: Avslutning Sommarles med Klovnen Knut og premiar. 

Fredag 10.09 klokken 11.30: Kunnskap til lunsj; Henrik Ibsen og Ragnhild Lund. 

Måndag 13.09 klokken 19.00: Teiknekollektiv med Alexander Haugelien.

Tysdag 14.09 klokken 19.00: Føredrag av Tone Skårdal Tobiassen og strikkekafé. 

Torsdag 16.09 klokken 19.00: Erling Greftegreff blir avhøyrt av Marianne Kolstad.

Alle tre vekene: Boksal og Bokutstilling ¨Denne boka bør du lese!¨.