321BF76A 535C 4B69 8405 F603FD65EF96
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sigrid sender stafettpinnen vidare

Sigrid sender stafettpinnen vidare

06. mai 2022
Sigrid Skjerdal gjer seg som festivalsjef for Vinjerock og sender stafettpinnen vidare. Det betyr at ein av Norges mest unike og spennande jobbar no er ute på marknaden!

- Eg kan ikkje tenke meg nokon meir spennande og kul jobb enn å vera festivalsjef for Vinjerock, det er ein heilt unik moglegheit, seier den avtroppande festivalsjefen, Sigrid Skjerdal. 

I akkurat tre år har ho vore festivalsjef for Vinjerock, når ho no veljer å sende stafettpinnen vidare. Likevel har ho lang fartstid i Vinjerock-eventyret, då ho har vore frivillig i ulike roller sidan 2014. 

Skjerdal kom inn som sjef rett før koronaviruset braut ut, og har dermed aldri fått arrangere festival på vanleg vis. Før no! Dette bli dermed fyrste og siste gong som festivalsjef for den spektakulære festivalen. 

- Eg gler meg enormt til å endeleg få arrangere Vinjerock på Eidsbugarden på vanleg vis. Det er sjølvsagt litt nervepirrande og spennande, men aller mest gler eg meg til å sjå heile maskineriet i sving dere oppe. Det er ingenting som er meir stemning enn når festivaldoane kjem på rekke og rad innover Tyin, lavvoene reiser seg, 700 frivillige er i sving og folk kosar seg med herleg musikk, då er det Vinjerock, smiler Skjerdal. 

 

Ein heilt unik moglegheit 

Vinjerock vart for fyrste gong arrangert i 2006 og har sidan den gong vore ein braksuksess. Med utsolgte billettar på kun sekund og eit fyrverkeri av ulike artistar i toppklasse, seier det seg kanskje sjølv at dette er ein rimelig fet jobb? 

- Det er ikkje mange slike stillingar ute på marknaden. Det å få kombinere kultur og friluftsliv i ein 100% fast stilling i distriktsnorge, er svært sjeldant. Det er rett og slett ein heilt unik moglegheit, seier Skjerdal. 

- Også er jo det å flytte til Vang eit eventyr i seg sjølv, legg ho til. 

Ho fortel at hennes arvtagar lyt vera opptatt av og interessert i å videreutvikle Vinjerock. Som ho seier - Vinjerock er dynamisk og er heile tida i endring, då er det viktig å vera både kreativ og ha pågangsmot. 

- Samtidig er det viktig med denne lokale forankringa som Vinjerock alltid har hatt, og som eg trur er viktig å halde fram med. Lokalsamfunnet i Vang er viktig for festivalen, seier Skjerdal. 

Sigrid påpeiker at det å vera festivalsjef er meir enn berre å arrangere Vinjerock tre dager i året. 

- Me ynskjer jo at Vinjerock også skal tilføre kule konsertar og arrangementer i bygda ellers i året også. Me har det siste året arrangert både hausttakkefest, julekonsert og VesleVinje i barnehagen. Det gjeld å tenke utanfor boksen og heile tida sjå på kva ein kan få til, smiler ho.

- Sjølv om det er mykje arbeid og tidvis hektisk, så er ein aldri åleine i denne jobben. Ein har utruleg god og dyktige kollegaer med seg heile vegen, samt eit heilt apparat med frivillige som sitt på enorme mengder kunnskap, legg ho til. 

Sigrid fortel at håpet no er å finne ein ny festivalsjef før årets festival, slik at vedkommande kan vera med på heile opplegget og få ein fin overgang til stillinga. 

 

Så, drøymer du om å kombinere festival, natur og friluftsliv? Då søkjer du her!