DACDE9E2 2781 4842 B8A6 CB686B95045F
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Simen realiserer snikkardraumen

Simen realiserer snikkardraumen

02. mars 2022
Treffsikkerhet, presisjon og systematikk er kvardagskost for Simen Håkerud (20). No treff han spikaren på hovudet og realiserer snikkardraumen i Vang.

- Dette passar midt i blinken for meg. Eg har alltid vore glad i å arbeide fysisk og skape ting med hendene, smiler Simen Håkerud (20). 

Han har reist over kommunegrensa frå Lomen til Vang for å ta lærlingtida hjå Tveitabru Bygg AS. Med ein stabil og erfaren gjeng snikkarar rundt seg har læringskurva vore bratt, og snart er Simen klar for fagprøva i juni.  

-  Læringskurva mi har verkeleg vore bratt, ein lærer utruleg mykje på desse to åra. Då føler ein seg også godt rusta til fagprøva. Den gruer eg meg ikkje til no, det trur eg kjem til å gå heilt fint, seier Håkerud. 

 

Eit naturleg yrkesvalg 

Då Simen skulle velje linje på videregående valde han fyrst teknologi- og industrifag, men fant fort ut at interessa bikka over mot handverk og snikkarfaget. 

- Det vart eit veldig naturleg valg for meg. Eg har alltid vore glad i å snikkere og vere kreativ. Gjennom oppveksten har eg bygd utallige trehytter, dog i litt anna format enn no, ler Håkerud. 

- Eg har heller ikkje lagt bort interessa om skruving og maskineri, så i tillegg til snikkering i Tveitabru er eg også med og brøyter. Så her får eg verkeleg det beste av alt, smiler han. 

Håkerud fortel at han vart tilbudt lærlingplass i Tveitabru, og at han aldri var i tvil om å takke ja til plassen. Han fortel om varierte dagar, gjerne høgt til fjells, med god utsikt og i godt lag. 

- Å jobbe her er utruleg lærerikt og særs triveleg. For det meste arbeider me på Syndin, og det er jo heller ikkje det verste. Hvert fall ikkje på ein solskinnsdag, smiler Håkerud. 

- I tillegg til å arbeide har me også nokre gonger samlingar på Leira saman med andre lærlingar, der me går igjennom teori. Så, det er varierte dagar og mykje innputt, legg han til. 

Etter endt fagprøve, går vegen vidare inn i millitæret og til Ingeniørbataljonen. 

- Planen er vel å komma tilbake til Vang og arbeide som snikkar etter militæret. Me treng fleire fagfolk, dei er utruleg viktige, seier han.