59E9EA7F 3174 441A A600 9E025B633A3B
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Simona spikrer framtida i Vang

Simona spikrer framtida i Vang

10. mars 2022
Simona Genišauskaitė (20) spikrer draumejobben som lærling hjå Jotun Bygg AS.

- Eg har alltid likt å bygge ting og vera kreativ. Så då eg fekk tilbod om å vera lærling i Jotun Bygg, var det akkurat det eg trengte. Eg kan ikkje sjå for meg nokon betre arbeidskvardag, smiler Simona Genišauskaitė (20).

Omgitt av sagflis, planker og arbeidsverktøy arbeider Simona stødig mot det som snart skal bli eit ferdig bolighus. Det er slik ho likar det - kaotisk, men likevel oversiktleg. 

- Det å byggje opp noko heilt frå starten, følgje utviklinga og tilslutt sjå det ferdige resultatet er for meg kanskje den største grunnen til at eg vil bli snekker. Å byggje bit for bit, seier Simona.  

 

Følgjer draumen 

På tross av at venninnene valde heilt annleis veg på videregående, gjekk Simona for å følgje draumen om å ein gong bli snekker. Sidan den gong har ho aldri sett seg tilbake. 

- Heilt ærleg så har eg aldri brydd meg om det. For meg har det vore viktig å følge hjarta. Den einaste merkbare forskjellen var når dei hadde pynta seg for skulen, kom eg i arbeidskleder. Men det sto eg godt i altså, ler Simona. 

Vegen har likevel ikkje vore utan omveger, slik det tross alt skal vera for ein tenåring. Etter fyrste året på bygg, ville Simona prøve helse og omsorg, og bytta difor linje. 

- Eg gjekk ferdig to år på helse, før eg tok påbygg siste året. Sjølv om eg ikkje vil bli noko innan helsefag no i dag, så er eg glad for å ha fått med meg studiespesialisering. Det kan gje meg moglegheiter vidare i livet, fortel ho. 

Etter vidaregående tok Simona eit friår for å finne riktig veg å gå vidare. Og det var då det tikka inn ein forespørsel frå Jotun Bygg, om ho ville bli lærling. 

- Eg vart utruleg glad og følte at alle brikkene falt på plass med den meldinga. Det var akkurat det eg trengte for å velje riktig veg, smiler Simona. 

 

Variert og lærerik kvardag 

Som lærling skal du lære deg yrket du i framtida skal arbeide med. Det innbærer difor at du må lære deg ein rekke ting, du må feile mykje og ikkje vera redd for å spørje om hjelp. 

- Eg er utruleg glad for at eg får moglegheiten til å jobbe mykje sjølvstendig, men likevel at nokon passar på meg. Om eg stiller spørsmål eller gjør noko feil, føler eg meg aldri dum, fordi eg har fine folk rundt meg, smiler Simona. 

- Heile gjengen med kollegaer er stas å jobbe med, og eg har alltid følt meg som ein ansatt, og ikkje eigentleg ein lærling. Det er fordi det er eit veldig inkluderande og godt arbeidsmiljø i Jotun Bygg, legg ho til. 

- Ei heller tenkjer eg så mykje på at det er eit mannsdominert yrke. Ein må jo drive med det ein sjølv synes er artig, og for meg er det snekring, smiler Simona. 

I framtida har Simona lyst til å arbeide som snekker, men ho ser ikkje bort ifrå at ho utdanner seg meir eller spesialiserer seg innan noko spesielt.

- Det hadde jo kanskje vore kult å blitt leder ein gong, men det er nok lenge til endå. Enn så lenge trivst eg godt i Jotun Bygg, og må jo gjere ferdig lærlingtida mi, smiler ho.