2BED5D67 A016 4530 B971 957B705E7AD1
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sjokoladenoter på biblioteket

Sjokoladenoter på biblioteket

10. februar 2022
På biblioteket kan du no kose deg med smakfulle bitar frå Sjokoladenoter medan du les ei god bok.

- Det har vore ein del etterspørsel i Vang etter eit slik tilbod, og eg trur terskelen for å bestille eller handle sjokoladen blir lågare om ein berre kan stikke innom og plukke med seg ein pose når det passar, seier Tone Marie Log i Sjokoladenoter. 

- Folk flest synes nok det er litt langt å køyre om Vennis, ler ho. 

Difor har ho no ordna i stand eit skåp med smakfull sjokolade på biblioteket i Vang. Her kan du kjøpe med deg ein boks anten du skal lese, studere eller berre har hug på skikkeleg god, lokal sjokolade. 

- Det er dei samme type fylte konfektene som vanleg. Smakene varierar, og akkurat no er det seks heilt nye smaker ute! Både i pose og eske, og det er jo heller ikkje så dumt om du manglar gave i siste liten, smiler Log. 

Betaling skjer via vipps, og all informasjon du treng står på skåpet. Biblioteket har ikkje ansvar for verken skåpet eller sjokoladen. 

- Ein kan og legge inn ei spesifikk bestilling på heimesiden, så sett eg klar bestillinga i kjøleskåpet og du kan hente ut når det passar, fortel ho. 

Så, har du høve - ta deg ein tur på biblioteket. Les ei god bok og nyt smaken av ekte glede.