DSCF9702
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Skiglede og dugnadsånd i Fjellblom IL

Skiglede og dugnadsånd i Fjellblom IL

19. september 2023
Det kokar på Åsvang skistadion. Ungar i alle aldrar trer forventningsfullt på seg startnummer og stiller seg i startkø etter alder. Ein liten gjeng kvinner og menn også – nokon ser dette som årets viktigaste renn, nokon har aldri gått rundt Laglim før men hallo, når poden skal gå så kvifor ikkje far også? Nokon har tatt turen heilt frå Lomen. Det er Åsvangrennet 2023, og i Fjellblom IL blomstrar både skigleda og dugnadsånden.

AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral, februar 2023. 

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

I skibua sit Geir Endre Rogn og noterer namn og alder på håpefulle ungar. Det kostar 50 kroner å stille til start, 100 for vaksne, Geir Endre spør om ikkje mor eller far skal gå også, dei fleste seier nei
– Blir det medalje? spør ein av ungane. 
– Å ja, det blir nok medalje, svarer Geir Endre med eit lurt smil.

Det er ikkje alle distriktskommunar som er så heldige å ha ein tidlegare landslagstrenar som trenar for ungane. Korleis er det å trene ungar jamfør vaksne? 
– Det er mykje vanskelegare å trene ungar! ler Geir Endre. 
– Men det er veldig moro. Ein må vere godt førebudd, og ha fokus på å ha det artig, på skigleda.
Han og Torbjørn Remmen har skitrening kvar måndag. 
– Det er viktig å engasjere seg om ein vil at noko skal skje, seier Torbjørn,
– Vi vidarefører tradisjonar frå flinke forgjengarar, då er det lett å vere med.

 

Ein god møteplass 

Anniken Olimb Myhre er også ein del av skigruppa, saman med Ingeborg Lunde, Ola Erik Heen Moe, Torbjørn og Geir Endre. Ho fortel om onsdagsrenna, som samlar rundt 100 kvar onsdag gjennom vinteren. 
– Oppmøtet viser kor viktig det er! Det kjem folk frå heile Vang, og for både ungane og foreldra er dette ein heilt super møteplass. Ungane blir motivert av kvarandre, det er kjempestor forskjell å ha med ungar på tur åleine og det å gå saman med andre.
– At det kjem folk frå heile Vang er eigentleg litt nytt, skyt Mari Remmen inn,
– Då eg var lita var det nok mest folk frå Åsvangområdet. No opplever eg miljøet her som veldig samlande. Det endra seg kanskje etter at VBU samla alle elevane? Og så er det veldig bra for ungar å gå på ski; det er bra for balanse, koordinasjon, motorisk trening. Som lærar kan eg sjå forskjell når ungane kjem på skulen. Det handlar ikkje om å bli proff men å drive med positiv og lystbetont trening. Her kan ein gå så langt ein vil, og bruke den tida ein vil.



Bånn gass 

Anniken og Mari ordnar med startnummera. Erlend Eggen skal vere speaker og prøver ut lydanlegget, men ender med å måtte klare seg utan. Store og små testar feste og gli på arenaen. På startstreken står Sondre, 6 år. Kvifor er det så moro å gå på ski? 
– Eg likar når det går fort! seier han med eit stort smil,
– Og bakkar!

Pappa Steffen Breivik har jammen på seg startnummer han også, men det var ikkje planen. – Eg har aldri gått rundt Laglim før, men når eg no først var her så tenkje eg, kvifor ikkje. Sjølv om han ikkje har gått løypa før har han ingen planar om å ta det med ro.
– Det blir bånn gass frå start! gliser han.

For Marit Wangensteen og Ingrid Hennum blir det også bånn gass, dei to kjempar ofte om førsteplassen i kvinnegruppa. I år er dei også dei einaste som stiller.
– Eg likar betre å gå langt og ikkje så fort, seier Marit,
– men eg må no liksom stille opp likevel. Ingrid kjenner på nervene, sjølv om det ikkje akkurat står så mykje på spel. 
– Det skjer noko når ein får på seg startnummer, smiler ho med samanbitte tenner.

Kvinnene går 5 km og herrene 10. Det er fellesstart og passe kaotisk, Steffen brekk ein stav i første bakke og må sjå seg forbigått av feltet før han får låne ein stav frå nokon andre. Ute i løypa er det ingen andre enn deltakarane som veit kven som leder, kven som tar innpå i motbakkane eller sklir frå i utforbakkane.



Løypekøyring er ryggmargen

Det snør ikkje trikkeskinner. Skal folk gå i fine skispor må nokon køyre løypene. Det gjer Terje Karlsen, saman med bror Egil, og sønene Anders og Vebjørn. 
– Eg har nok 100 til 150 timer i maskina i løpet av ein vinter. Pluss ein del skruing, fortel Terje.
– Løypekøyring er ryggmargen i Fjellblom IL! Seier Hallgrim Rogn, som er leiar i laget. 
– Eg vil jo ha løyper sjølv, forklarer Terje,
og eg synest det er artig å køyre, i alle fall når det er fint vêr. Det er fint å bidra for alle som likar å gå på ski, her blir jo løypene veldig mykje brukt og det er moro.

 

Årets viktigaste renn

Også i kiosken trengst det frivillige; eit ekte skirenn krev rikeleg med vaflar, saft og kaffi. Nora Remmen er ein av fleir bak disken i dag. 
– Eg skulle ikkje gå renn, og då hadde det vore kjedelig å ikkje ha noko å gjere, så det er fint å hjelpe til her, fortel ho.

Ungane kjem i mål til jubel frå ivrige heiagjengar, etter kvart dei vaksne også, Geir Endre og Marit stakk av med sigeren i år, med tidene 27.33 (10km) og 19.59 (5km). Alle får premie, stolte foreldre og besteforeldre fotograferer stolte ungar, startnummera samlast inn og dugnadsgjengen ryddar saman. 
– Det er årets viktigaste renn det her, seier Geir Endre, tar ein liten tenkepause før han legg til med eit glis; 
– og det einaste.

 

Faktaboks:

  • Fjellblom IL arrangerer lysløyperenn onsdagar mellom jul og påske, skitrening, klubbmeisterskap, Åsvangrennet og Slettefjellrennet. I tillegg er det bading, felles løpetrening for vaksne, volleyball og andre meir eller mindre organiserte aktivitetar.  ·      
  • Kontaktperson: Hallgrim Rogn - hallgrim.rogn@gmail.com
  • Pris for medlemskap: Enkeltmedlem 150,-, familie 300,-