7C25B101 C3B3 474E 9AA3 0CA5B76479B6
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Skummelt bra huskonsert med kulturskulen

Skummelt bra huskonsert med kulturskulen

10. november 2022
Eit knippe av kulturskulens elevar arrangerte forrige veke huskonsert på Torsheim grendehus. Denne gongen med ein litt ekstra skummel vri!

- Vi pleier å ha ein slik huskonsert omtrent ein gong i halvåret, som ein litt tryggare arena å gjennomføre konsert på, for dei aller nyaste elevane i kulturskulen. Og denne gongen ble det ein liten Halloween-vri på det heile, for å gjere det litt ekstra artig, smiler rektor i Vang kulturskule, Oddbjørn Skeie. 

Eit knippe flinke elevar frå 1.klasse-7.klasse arrangerte storstilt og skummel konsert for kjente og kjære på Torsheim grendehus. Både lokalet, elevane og lærerane var utkledd og pynta for anledningen denne kvelden! 

- Det vart ein veldig stemningsfull og artig kveld for oss alle. Å arrangere huskonsert er jo ein litt mindre høgtideleg arena å framføre på, og elevane var utruleg dyktige denne kvelden, seier Skeie. 

 

Varierte innslag 

For å sette stemninga i taket, starta kvelden med ein aldri så liten Halloween-leik for elevane. Konkurranseinstinktet skulle testes; kven klarar å ete opp eit lakrissnøre først?  Det var mykje moro ut av dette! 

Videre var det over til innslaga denne kvelden, med eit bredt spekter av opptredener vart det ein veldig stemningsfull kveld. Elevane fremførte ulike musikkinnslag og teatergruppa hadde laga eigne innslag om temaet frykt, og fremførte desse som ekte skuespillere. 

- Vi er veldig fornøgd med kvelden, og det var utruleg triveleg å få samle til ein huskonsert no på hausten. Neste store arrangement blir julekonserten vår 5. desember klokken 18.00 i Vangshallen, det blir også særdeles triveleg, seier Skeie. 

- Alle elevane skal være med på denne konserten og vise fram noko av det dei har lært det siste halvåret. Og sjølvsagt med eit lite julepreg, så det er berre å sette av datoen og komme på julekonsert, smiler han.

 

Sjå fleire bileter frå den skumle kvelden på Torsheim nedanfor.