Nyheit

Snikkarbugutadn i Ryfoss

  Nyheitsarkiv
26. apr 2020
  • Odd Ivar Kirkeengen og Bjørn-Roger Kjørlien er naboar i Ryfoss og karane bak facebooksida Snikkarbugutadn.
  • Gråtass i sengeform levert etter bestilling denne vinteren.
  • Ølkasse signer Snikkarbugutadn.
Hobbyprosjektet som kan bli ei bedrift

Odd Ivar og Bjørn-Roger er to gode naboar frå Ryfoss med med felles interesse for trearbeid. Via facebooksida Snikkarbugutadn tilbyr dei plassbygde tremøblar til andre.

– Me er opptekne av at alt ikkje må kjøpast nytt, men ser verdien i det som er heimelaga. Me legg mykje tid og kjærleik i alt me produserer, og elskar nye utfordringar, fortel karane bak Snikkerbugutadn.

Odd Ivar er utdanna snikkar, medan Bjørn-Roger for det meste er er sjølvlært.

Kan bli bedrift



Det byrja med eigenproduserte og plassbygde ting til eigen heim, men etter gode tilbakemeldingar og fleire førespurnadar bestemte dei seg for å tilby tenestene til andre.


- Saman er me eit godt team som løyser det meste. Akkurat no driv me å plassbygger ei trapp med mykje oppbevaring under. Det er eit utfordrande og spanande prosjekt.

Av andre ting dei har laga dei siste par åra er utebord, benk, gråtass-seng, prinsesse-seng, ølkasse, TV-benk, veggklokke, kleshengar for bunad og blomsterkasse.

– Foreløpig er dette ein artig hobby, men om interessa er stor er det mogleg det utviklar seg til ei bedrift. Vi får sjå det litt an, det verkar i alle fall til å vera potensiale i marknaden, fortel karane.

Enn så lenge er det berre å sende ei melding på facebooksida for å få eit uforpliktande tilbod.