_DSC7194-Edit.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Snøfilm 2016

Storfilmar til Snøfilm

01. februar 2016

The Revenant med Leonardo Dicaprio i hovudrolla hovudattraksjon under Snøfilm–festivalen på Tyin–Filefjell fyrste helga i februar. I tillegg vert det førpremiere på barnefilmen «Albin og gjengen: I farta».

– Det et er artig at vi nok ein gong har huka i land ei førpremiere til Snøfilm. «Alvin og Gjengen: I farta» har ikkje kino–premiere før 19. februar, så du lyt rett og slett til Snøfilm for å sjå den fyrst, fortel Magne Grihamar i Tyin–Filefjell utvikling.

Snøfilmfestivalen arrangerast for tredje gong i skianlegget på Tyin-Filefjell 5.–7. februar i år.

Dicaprio i sitt rette element

Ein av dei mest omtala filmane i vinter er villmarkseposet «The Revenant». Her spelar snø og is sentrale roller som kulisser for filmen, noko som gjer den perfekt til Snøfilm.

- «The Revenant» er ein komande storfilm som nå nylig er nominert til 12 Oscar. Dette er ein film frå villmarka i Canada. Eg er overbevist om at stemninga frå filmen vert forsterka ytterligare ved å sitja ute snøe, fortel Grihamar.

Fleire filmar dett på plass i løpet av denne veka, følg med i programmet. 


Aktivitetsfestival

Det er meir enn film og fest på planen den fyrste helga i februrar, Tyin aktiv stiller med kitekurs og toppturopplegg.

– Laurdag og sundag testar vi det nye opplegget «Haute route Smedalen» for den som vil kombinere toppturopplevingar med filmfestival, fortel Grihamar.

Smedalenområdet ligg på vestsida av Filefjell og byr på høve for fleire gode nedkøyringar på ein og same toppturdag. Fredag står på programmet.