Fjorårets Snøfilm samla mykje folk til filmframsyning på Tyin-Filefjell.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Snøfilm 2017

Klart for «Snøfilm» på Tyin-Filefjell

20. februar 2017

 Fyrstkomande helg er er det klart for fjerde utgåve av Snøfilmfestivalen på Tyin-Filefjell.

– Dyra i Hakkebakkeskogen er kanskje høgdepunktet for ungane, mens den heilnorske skifilmen «Supervention II» verkeleg vert synt fram i sitt rette element, fortel ansvarleg for festivalen, Magne Grihamar i Tyin Filefjell Utvikling.

Fredag og laurdag er det altså klart for festivalen som går føre seg i eit snøamfi i botn av skiheisen.

– Vi byggjer om delar av barneområdet til ein stor utandørs-kino, fortel Grihamar.

Science fiction-filmen «Passengers» og animasjonsfilmen «Syng» står på plakaten under festivalen. Det same gjer fleire aktivitetar.

– Det vert både skredkurs og toppturar under festivalen. Vi satsar på ei aktiv helg med mykje folk på Tyin-Filefjell.

Det er også kveldskøyring i bakken til klokka åtte både fredag og laurdag og utvida opningstid i Varmestøga.

– Etter filmframsyninga på laurdag vert det livemusikk og servering her, fortel Grihamar.

Løypetraseane på Tyin-Filefjell får eit lite påfyll av snø no i starten av veka og mot helga vert det skikkeleg godt vintervêr att.

– Det er mange grunnar til å ta turen til fjells denne helga og vi gler oss til å sjå på hyttefolk, turistar og bygdefolk til festival, avsluttar Grihamar.