Nyheit

Enorm interesse for sommarjobb i fjellet

  Nyheitsarkiv
07. mar 2019
Kombinasjonen av utfordrande arbeid og aktiv fritid har lokka 200 studentar til å søkje på tretten sommarjobbar i Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal og Numedal. Foto: Cathrine Dokken
– To hundre søknadar til tretten jobbar

Med to hundre søknadar frå studentar under utdanning som vil til fjells for å jobbe i sommar har bedriftene i Fjellspire-prosjektet no eit luksusproblem.

– Dette var temmeleg overveldande og langt over det vi hadde klart å få av interessentar på eigen hand. Her i Vang endte vi til dømes opp med 44 søknadar til dei tre jobbane som er lyst ut. No blir det interessant for både bedriftene og miljøet å få inn fersk kunnskap og nye folk, fortel dagleg leiar hjå prosjekteigar for Fjellspire, Innovangsjon SA.

Fjellspire er eit nytt samarbeid mellom kontorfellesskap i Vang, Vågå, Ål og Rollag om å tilby relevant sommarjobb til ungdom under utdanning.

Dei neste dagane skal dei involverte bedriftene starte silinga i søknadsbunken for arbeidsperioden som er frå etter eksamen i starten av juni og ein månad framover.

Jentene ivrigast

Sju av ti som har søkt på jobbane er jenter. Dei aller fleste har også relevant utdanningsløp å syne til i høve jobben dei har søkt på.

– Det var mykje interessant å hente ut frå søknadsbunken og særleg interessant at såpass stor del var kvinner. Sjølv til datautviklarstillinga som var med i utlysinga var det stort sett berre kvinner som søkte, noko som er temmeleg tøft, fortel Rogn.

Av studieplassar er det NTNU, Sogndal og Volda som står for brorparten av søknandane, og berre nokre få av dei to hundre søknadane var heilt uinteressante.

- Det er overraskande få lokale søkjarar til jobbane. Det er litt synd, samstundes som det er ei fjør i hatten til regionane med på prosjektet at såpass mange utanfrå ynskjer å bruke sommaren til den kombinasjonen av utfordrande arbeid og aktiv fritid det er lagt opp til gjennom Fjellspire.

Prosjektet har eit klart mål om at fleire av dei som er innom på sommarjobb skal koma attende tilfjellregionen på sikt.

Sparebank1 med på laget

Det er altså fire kontorfellesskap i Fjell-Noreg med tilhøyrande bedrifter som står saman om Fjellspire. Oppland– og Buskerud fylkeskommunar har gått inn med støtte til prosjektet, og no har også Sparebank 1 blitt med på laget.

– Vi er ein markant arbeidsgjevar i denne regionen som står fullt og heilt bak ideen om å syne unge under utdanning at det finst spanande jobbar i området, fortel Arne Wagensteen, banksjef for fellestenester i konsernet Sparebank1 Hallingdal og Valdres.

 Saman med Sparebank 1 Lom og Skjåk er dei inne som samarbeidspartner for dei neste tre åra.

 – Berre i fjor tilsette vi 34 personar hjå oss i ulike kompetanse-stillingar. Fleire av desse har kompetanse vi for fem år sidan ikkje ein gong vurderte som relevant for sektoren vi jobbar i. Difor er det å vera tett på ungdom under utdanning viktig for både oss og regionane vi arbeidar i, avsluttar Wangensteen.

 Meir om prosjektet på www.fjellspire.no