Denne gjengen er klar for ein eventyrleg sesong på Sommerhotellet. Frå venstre kokk Arnaud Bieuville, kjøkkensjef Tone Marie Log og dagleg leiar Eirik Høyme Rogn.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sommerhotellet klar for ny sesong

Sommerhotellet klar for ny sesong

01. juni 2022
Endeleg kan Sommerhotellet nok ein gong opne dørane og slippe høgfjellsturistar inn til varme, fantastisk mat og eventyrleg utsikt.

- Me er frykteleg spent på årets sesong. No har det vore litt stille tider både etter koronapandemien og den store vannskaden i fjor, så no er det verkeleg artig å få opne dørane igjen, smiler Eirik Høyme Rogn, dagleg leiar ved Sommerhotellet. 

Fredag 17. juni går startskuddet for ein spennande sommersesong på Sommerhotellet. Etter ein lengre periode med stengte dører er det gledeleg å endeleg få slippe både turister, hyttefolk og bygdefolk inn på hotellet igjen. 

- Eg må sei me har satt sammen eit eventyrleg bra team denne sesongen, me har med oss utruleg dyktige og flinke folk, så alt er duka for ein fantastisk sommer, seier Høyme Rogn. 

 

Den gode matopplevelsen 

Dette året er det eit ekstra stort fokus på dei gode, lokale råvarene og det å skape fantastiske matopplevelser.  

- Det blir utruleg stas å få jobbe med mat på denne måten. Me har fått med uss to dyktige kokker som har fått i oppgåve å leike seg med dei råvarene me har rundt oss her i Vang, seier Høyme Rogn. 

Og det med god grunn. Innenfor ein radius på 150 meter finn ein fleire av dei lokale råvarene som skal bli med inn på kjøkkenet denne sesongen. Det får ein nesten kalle ekstremt kortreist mat. 

- Me kan kanskje ikkje belage uss på å få tak i absolutt alt her i Vang, men hovedvekten av det som skal serverast, kjem herifrå. Heldigvis har med gode naboer både i det eine og det andre dalføret som kan hjelpe uss med det me skulle mangle av varer, smiler han. 

 

Unik måte å jobbe på 

Kjøkkensjef Tone Marie Log har vore ansatte hjå Sommerhotellet fleire sesonger, og ser verkeleg frem til å kunne leike seg på kjøkkenet og finne ingredienser rett i nærleiken.

- Det er ein veldig unik måte å arbeide på som kokk. Stort sett veit ein alltid kva ein skal lage og har menyen klar, mens her blir det nok råvarer og sesong som bestemmer kva som blir på tallerken, smiler Log. 

Ho fortel at ho er spent på korleis responsen frå gjestane er og at ho håpar folk tek turen for maten sin skuld også. 

- Det er jo eit stort ynskje at folk skal kunne komme hit og nyte maten dei får servert, i flotte omgivelsar. Tanken er jo at matopplevelsen skal være så god, at dei berre må komme tilbake, ler kjøkkensjefen. 

- Eg gler meg veldig og ser på dette som ein spennande utfordring, legg ho til. 

 

Ope heile summaren 

Etter to år med både pandemi og ein særdeles kjedeleg vannskade, er det no ein stor glede for personalet å  få halde hotellet oppe heile sesongen. 

- Det blir sjølvsagt veldig fint med ein vanleg sesong, det gler me oss veldig til, seier den daglege leiaren. 

Han fortell at den typiske gjesten hjå Sommerhotellet ofte er folk som ynskjer å gå turar i fjellet, og gjerne blir verande over litt tid. 

- Likevel er det viktig å sei at det er veldig kjekt om både lokalbefolkning og hyttefolket tek turen om dei ynskjer det. Så langt det er plass, ynskjer me gjerne fleire til middag på kvelden, seier Høyme Rogn. 

Og om ikkje middag eller After-tur skulle lokke nok, er det no store planar om å byggje om det gamle pumpehuset til ein aldri så liten badstue. 

- Vang er jo blitt badstu-bygda, då må me sjølvsagt ha eigen badstu! Denne ideen vart planta i fjor, då det vart arrangert badstufestival her, og no er planen at denne skal opp før sesongen starter, ler han. 

- Me har ein spennande sesong i vente. Heile teamet gler seg til å ta imot gjester på Sommerhotellet, smiler Høyme Rogn.