IMG 4602
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sommerhotellet opnar døra for fjellturistane

Sommerhotellet opnar døra for fjellturistane

14. juli 2023
Sommerhotellet går inn i nok ein ny sesong og ser fram til å ta imot fjellgjester i idylliske omgivelser!

- Gjennom heile vinteren når eg har kjørt forbi her, har eg gleda meg over at det ikkje er lenge til vi opnar. Så no er det skikkeleg stas å endeleg få opne dørane, smiler Julie Heimdal, dagleg leiar ved Sommerhotellet. 

For det er kanskje eitt av dei sikreste sommartegna i Vang, nettopp at Sommerhotellet opnar! Det gule, sjarmerande bygget midt i sentrum skal nok ein gong fylles av eventyrlystne, glade turistar. Og dei skal i år som i fjor bli bergtatt av utsikten ved middagsbordet, og bli servert deilig, lokal mat. 

- Vi opna offisielt for sesongen den 19. juni, men vi har hatt ein del lukka selskap i vekene før, så me har vore i gang ei lita stund allereie. Som ei lita oppvarming, ler Heimdal. 

 

Idyllen med å jobbe på Sommerhotellet 

Julie går inn i sin aller fyrste sesong som dagleg leiar på Sommerhotellet, likevel er ikkje ansvarsområdet heilt ukjent for ho. 

- Eg var ansatt på Sommerhotellet i fjor, då som assisterande dagleg leiar. Det som er litt av idyllen og det fine her, er jo at alle må bidra på fleire områder heile tida. Du må både sjekke inn folk, servere frokost og trå til der det trengs, seier Heimdal. 

- I tillegg er det jo kontakten ein får med gjestene. Det å faktisk få bli litt kjent med dei og planane dei har for oppholdet sitt er veldig kjekt og verdifullt, smiler ho. 

Heimdal fortel at det allereie er blitt ein del bookingar på overnatting, og at dei er spent på korleis besøket blir igjennom sommaren. Ho anslår at det er omslag 50/50 internasjonale og norske turister som kjem på besøk. 

- Det er jo litt kult å tenkje på, at dei kjem langveis frå og booker seg inn her i lille Vang. Det er me jo sjølvsagt veldig glade for, smiler ho. 

 

Godt fornøgd med fjorårets sesong 

Heimdal fortel at dei er veldig fornøgd med fjorårets sesong, og at den eigentleg gjekk over all forventning. No er fokuset på å fortsette i den gode flyten og gje gjestane ein best mogleg opplevelse når dei er på Sommerhotellet. 

- Sjølvsagt er det også i år stort fokus på god, lokal og kortreist mat. Me håpar at gjestane også denne sesongen får gode matopplevelser til fantastisk utsikt, seier Tone Marie Log, kjøkkensjef på Sommerhotellet. 

- Følg med på heimeside og Facebook utover sommaren for å sjå hvilke dager ein kan booke bor for middagsservering, smiler ho. 

Log fortel at det av naturlege årsaker går litt sakte i grønnsakshagen i år, men at dei er heldige å har Lærdal som nærmaste nabo i vest. 

- Det er jo nærmest lokalt når ein handlar hjå naboen. Me er utruleg heldige som har så mange gode leverandører og bekjentskaper rundt oss, som sikrer den gode maten på bordet, smiler Log. 

- No gler me oss bare til sesongen er godt i gang og til turistane strømmer til, seier Heimdal.