Sommerhotellet i sentrum av Vang opnar som B&B denne sommaren. Foto: Cathrine Dokken
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sommerhotellet tilbake i drift

Sommerhotellet tilbake i drift

17. februar 2019

Sommerhotellet i Vang sentrum opnar for turistar denne sommaren.

– Frå 15. juni til 20. august har vi ope kvar dag med overnatting, god frukost og matpakke. Den som ynskjer det kan også bestille middag, fortel hotelleigar Trine Grann.

Det historiske hotellet satsar på vaksne turistar som ynskjer å sove godt, ete bra og bruke fjella i Vang aktivt.

– Dagsturar frå hotellet til alt Vang har å by på frå stølsområde og Kongevegen over Filefjell til godt fiske og 2000-meterstoppar er attraktivt. Vi har også samarbeid med Rene Berg som kan guide dei som ynskjer det, informerer Grann.

Vegfarande mellom aust og vest som ynskjer overnatting på reisa er også ei naturleg målgruppe. Det er utflytta valdris Stein Hovi som er hotellsjef i sommar og saman med Grann vil dei også ha tilbod i skuldersesong.

– På våren fram til opning og ut over hausten til midt i oktober kan grupper, vennegjengar og bedrifter leige hotellet for feiringar, gode møter eller fjellopplevingar, fortel Grann.

Dette har vore eit tilbod på hotellet sidan 2002 og det lyt til nokre justeringar i hotellet for å B&B-opplegget i sommar.

– Dette hotellet er ein kulturinstitusjon i bygda som alle har ein bit av, difor er det ekstra stas å opne for gjestar no. Ein bygdefest eller ein Fredagskos kan det vel også verta? Vi gleder oss stort til å tilby Sommerhotellet til gamle og nye gjestar til sommaren, avsluttar Grann.