Denne gjengen er klar for å ta imot fjellfolk på Tyin-Filefjell! Frå venstre: Ingeborg Aadland, Herman Norby Myrheim, Line Svien og Kjartan Bruvik.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sommervibbar i høgfjellet med Tyin-Filefjell

Sommervibbar i høgfjellet med Tyin-Filefjell

20. juni 2023
Sommaren er i anmarsj og ansatte hjå Tyin-Filefjell står klare for å ønske turister, hyttefolk og fastbuande varmt velkommen til fjells denne sesongen!

- Me er verkeleg klare for å innta sommarsesongen og gler oss stort til å ta imot folk i fjellheimen dei neste månadene, smiler Line Svien, leder Hotell og Spisesteder. 

For medan snøen smeltar, bladane blir grønne, temperaturen stig og dei fleste av oss susar langsomt inn sommarferien - så bankar ei av årets travleste perioder på for dei ansatte hjå Tyin-Filefjell.

- Årets vintersesong var me utruleg fornøgd med, så sesongen me går inn i no handlar i mykje om å byggje vidare på det grunnlaget me la i vinter, seier Kjartan Bruvik, driftsleder skishop og guide for Tyin Aktiv. 

 

Skal guide folket trygt til fjells 

Det er eit variert og bredt tilbod hjå Tyin-Filefjell denne sesongen. Mange av dei som kjem til fjells ønskjer å benytte den vakre naturen dei har rundt seg. Difor er det ekstra gledeleg at Tyin Aktiv guider folket trygt opp på fleire kjente fjelltoppar, i heile sommar!

- Me held sjølvsagt fram med å guide til både Falketind og Uranostind, slik som tidlegare år. Det er satt opp turar frå juli og langt ut i september, men det lønner seg likevel å vera tidleg ute med å booke, då dette er eit svært populært tilbod me har, smiler Herman Nordby Myrheim, guide hjå Tyin Aktiv. 

Han fortel at dei i tillegg til å guide opp på Falketind og Uranostind, har dei no også byrja med å guide opp til Falkebreen. 

- Det er jo eit ønskje at så mange som mogleg skal få oppleve den spektakulære naturen her på Tyin-Filefjell, og då er Falkebreen ein lettare tilgjengeleg tur, som også passar for barnefamilier. Me sett opp ein fast dag for denne turen kvar veke, fortel Bruvik. 

Tyin Aktiv kan også guide på andre toppar i nærleiken, blant anna Uranostraversen, Langeskavltinden og Snøholstinden - men då på forespurnad.  I tillegg er det noko guiding på Kongevegen over Filefjell, då også etter ønskje. 

- Me opplevde mykje god respons på alle aktivitetar me hadde i påsken, og me jobbar no med eit prosjekt om å få til fleire ulike typar aktivitetar på Tyin-Filefjell etter kvart, seier Nordby Myrheim. 

Bookingmedarbeider og grafisk designar Ingeborg Aadland bekrefter stort trykk på reservasjoner og bookinger allereie. 

- Det er over 200 bookinger på diverse turar og aktiviteter allereie, så det lovar godt. Det kjem masse folk til fjellet i sommar, smiler ho. 

 

Full fres hjå Filefjellstuene og Tyinkrysset fjellstue 

Sjølvsagt er det også opne dører og full servering hjå dei to serveringsstedene på Tyin-Filefjell denne sommaren. Filefjellstuene har ope kvar dag tom 17. september frå fra kl. 15:00-22:00 (Kjøkken til kl. 21:00). Tyinkrysset fjellstue har også ope kvar dag frå 11.00-20.00. 

- No har me fylt opp alle lagre med deilig lokale råvarer, og menyen denne sesongen bærer preg av mange lokale godbiter frå nærområdet her i Vang, seier Svien. 

- I løpet at sommaren har me også tenkt på å få til ulike temahelger, sommerpub og arrangement, så det er på agendaen og kjem etter kvart, legg ho til. 

Svien fortel at dei i tillegg til god mat på menyen, har Tyin-Filefjell også fått sin heilt eigne konditor, som no produserar alt av bakst og kaker lokalt på fjellet. 

- Det er ein kjempeluksus og me er utruleg glade for å ha med vår konditor Andrea på laget, det er verkeleg heilt supert, smiler Svien. 

Den siste tida har det blitt ansatt mange nye folk hjå Tyin-Filefjell og dei ansatte er klare på at det er ein stor fordel at alle no er under samme paraply. 

- Me eitt lag, som jobbar felles og det er ein stor tryggleik i at me alle er under ein paraply. Og veldig artig, ikkje minst, at me er ein stor gjeng som drar i samme retning, smiler Svien. 

- No ser me fram til å ta imot alle som vil til fjells, og dele frilufstgleden med dei, seier ho.