Dronning Sonja var ute i privat ærend i lag med venner då ho stoppa på Saras kafe i Ryfoss.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sonja vitja Sara

Sonja vitja Sara

06. september 2019

Onsdag denne veka var Dronning Sonja på ein timeslangt besøk i kafeen til Sara Siwar i Ryfoss.

– Dronninga var på privattur med nokre venner og dei var ein times tid i kafeen. Både Sonja og heile følgjet var utruleg trivelege, det var ein stor dag for meg, fortel Sara Siwar.

Ho har sidan 2015 drive kaffen Saras mat i Ryfoss der ho serverar vegfarande og lokalbefolkning, samt leverer etiopisk- og norsk catering til heile øvre Valdres.

Dette var fyrste gong nokon frå Kongehuset stoppa innom kafeen, med Sara har faktisk helst på dronninga før.

– Eg veit ikkje om det var heilt tilfeldig, men for nokre år sidan vart eg invitert til Lillehammer i høve 80-års feiringa til kongeparet og då fekk eg helse på båe to. Båe desse møta er minne for livet!