Frå vegen inn i Koldedalen når ein Jotunheimen-klassikarar som Falketind og Uranostinden.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Spleiselag for Koldedalen

Spleiselag for Koldedalen

04. august 2020

Fleire lokale aktørar har gått saman om eit spleiselag for å brøyte opp Koldedalsvegen til seinsommarsesongen.

– Det har vore ekstreme snømengder i vinter og vi gjekk saman tidlegare i juli for å få brøyta eit stykke innover, men det var no fyrst for nokre dagar sidan vi fekk opna heilt inn, fortel Morten Odden i Tyin Filefjell Utvikling.

Det betyr at både guidar i området får enklare arbeidstilhøve og at fotfolk på fjelltur får enklare tilgang på Koldedalen og fjell som Uranostinden og Falketind.



– Koldedalen er viktig for alle bedrifter med fjellfolk som kundar og vi håpar samarbeidet kring brøyting og vedlikehald i år kan vera noko å seta i system for seinare sånn at vi har litt kontroll på når vegen kan opne kvart år, seier Odden.

Han understrekar at med den relativt korte sommarsesongen såpass høgt til fjells er open veg inn i Koldedalen eit viktig element for å tilretteleggje området for flest mogleg. Og alle som er på privat eller guida tur i Koldedalen gjev store ringverknader for alle som driv turisme i området.


Ved sidan av Tyin-Filefjell utvikling er det Fondsbu tursithytte og Tyinholmen høyfjellstuer som tek rekninga for brøytinga som Olav Hæreid frå Årdal har stått for. Også Hydro i Årdal og Vang kommune er positive til tiltaket og ynskjer å sjå på korleis dei kan sikre god veg og fast opning seinare år. Årdal kommune vert også kontakta no i haust.