Nyheit

Sterkt VM av Lasse

  Nyheitsarkiv
05. mar 2015
  • Lasses første pallplassering i junior-VM kom på første konkurransedag. Foto: Morten Nordli
  • Lasse in action. Foto: Morten Nordli
Bronsemedalje i sprinten

Lasse Skøre frå Vang fekk med seg bronsemedalje frå junior–VM i telemark.

Vangsgjeldingen som no bur i Tromsø har vore med i VM før, men aldri kome seg på pallen.


– Det var eit desidert høgdepunkt på turen til USA å koma i mål i andre omgang under sprinten og så forstå at det held til pallplass. Med mamma, pappa og kjærasten Vilde på plass vart det ei ekstra stor oppleving, fortel Lasse.

VM vart arrangert i Steamboat springs i Colorado og rapportane fortel om eit heilproft arrangement. Heile turen til USA vart ein stor opptur for Telemarkkøyraren frå Vang, som ved sidan av bronsa fekk fleire topp ti-plasseringar.

– Det er spesielt godt sidan det dei siste årene har vorte fleire juniorar som kjemper i toppen også på seniorsiden.

Men det betyr ikkje at det vert skikøyring resten av sesongen.

– Eg laut takka nei til Verdscuprunda i Sveits denne veka, då eg arbeidar som tømrerlærling i Tromsø. Sjølv om ein får pallplass i junior–VM lyt ein ha skikkelige arbeid ved sidan av for å få det økonomiske til å gå rundt, fortel Lasse.

Han har imidlertid eit stort mål til denne sesongen: Å gjera det bra i verdscupavslutninga på Rjukan 19.–21. mars. Der som i VM er det konkurrentar frå Frankrike, Sveits, Tyskland og Norge han lyt kjempe aller hardast mot.

Les meir om VM i telemark på Skiforbundet sine nettsider. Der ligg også ein filmsnutt frå bronseløpet.