4Nercosg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stjernelag av mat-forfattarar til Hausttakkefest i Vang

Stjernelag av mat-forfattarar til Hausttakkefest i Vang

08. september 2021
Frisk forlag inviterer ein flokk av Noregs største matentusiastar til lokalmathelg i Vang, og inviterer publikum til å bli med og bli inspirerte.

- Hausten er tida for å dei beste rotgrønsakene, jakt, saueleit og sanking i naturen, og feirer vi med å samlast kring eit todagars lokalmatfest i Vang, seier Festivalsjef for Vinjerock, Sigrid Skjerdal.

Helga startar med konsert med popkometen Kamara i hagen på Sommerhotellet, med påfølgande festival-inspirert festmiddag.

ーMiddagen er basert på lokale råvarer, og alt frå grønsaker til kjøt er produsert i nærområdet. Sjefskokk på Sommerhotellet, Tone-Marie Log, lovar ein variert og velsmakande festmiddag.

 

Lokalmat lokkar instagram-kjendisar til Valdres

Laurdag mellom 12-16 blir plassen foran Vang folkebibliotek lokasjon for eit innhaldsrikt lokalmatmarknad- og aktivitetsprogram. Dit kjem produsentar av mellom anna lokale fjellgrønsaker, kurv, kje og meir til.

Marknadsområdet blir også fylt opp med aktiviteta for små og store. På ei lita festivalscene blir det foredrag med Frisk-forfattarar for både barn og vaksne. Lokalmaten i Valdres er sjølve grunnen til at Frisk forlag har invitert sine velrennomerte forfattarar til bygda.

ーForfattarane våre brenn for gode råvarer og god matkultur. Vang er jo eit mekka for dette, så det er utrulig kjekt å få ein anledning til å feire dei flinke produsentane og gjere råvarene enda meir kjend, seier Lennart Krohn hansen i Frisk forlag.

Småskala-produsentar som har lyst til å stille ut på marknaden kan sende e-post til post@vinjerock.noom dei ynskjer å delta.

 

TikTok-stjerner med matshow

Forfattarane i Frisk forlag si portefølje inspirerer tusenvis av menneske til å bli interesserte i mat i kanalar som Instagram og TikTok, i tillegg til i bokform. Mellom andre kjem matbloggar  Linda Stuhaug for å gi tips om korleis vi kan kaste mindre mat.

August og Martin er kanskje ikkje kjende namn for dei vaksne i husstanden, men du kan vere ganske sikker på at 13-åringen i heimen kjenner gutane. Dei gav ut boka “Skolemat” i august, og spesialiserer seg på oppskrifter som gjer matlaging morsomt og lett for barn og unge.

ーAugust og Martin skal mekke milkshakes som dei er så kjent for på TikTok, og dei blir uten tvil eit morsomt og velsmakande show for både små, ungdommar og vaksne, seier Lennart Krohn-Hansen.

Milkshake går nok rett heim hos mange barn. Men korleis få dei små til å ete all slags mat? Forfattar Frida Felicia Vennerød-Diesen har skrive boka SMAK!, og gir publikummet på Hausttakkefesten ein innføring i kvifor smaksløkane våre er forskjellige, og tips og triks til å lære barn (og vaksne) å like sunn og god mat.

ーVennerød-Diesen har doktorgrad om smakssansen til barn. I 2018 tok ho sølv i Forsker Grand Prix, ein nasjonal konkurranse i formidling om forskning, så dette foredraget frå Frisk gler vi oss skikkelig til, seier festivalsjef Sigrid Skjerdal.

 

Ein hyllest til dei gode råvarene, med potet i tet

Ina-Janine Jihnsen er best kjend som bloggaren bak Mat på Bordet. Ho brenn for gode råvarer, og i den nyaste boka hennar “Potetkokeboka” deler ho 100 oppskrifter der poteta er stjerna.

Saman med Julie Ilona Balas, som driv Julies matblogg, og Frisk-redaktør Malene Vilnes, får vi høyre ein ekspertiseprat om kvifor gode råvarer er så viktig og bra.

ーDet er utruleg passande å ha denne panelsamtalen i Vang, der så mange gode produsentar held til. Forfattarane våre gler seg verkeleg til å smake på produkta og helse på produsentane her i Valdres, seier Lennart krohn-Hansen.

 

Heile programmet kan de sjå her, og på www.hausttakkefest.no:

11.00 - Åpen festivalhage i Lundsmarka 1

12.00 - Åpning: Lokalmatmarknaden utanfor Vang folkebibliotek

12.30 - Minikonsert på Marknadsscena

13.00 - August og Martin viser korleis ein lagar skikkelig digge milkshakes

14.00 - Frida Feilicia Vennerød-Diesen - foredrag om smak

14.30 - Linda Stuhaug i samtale med Hallgrim Børhus Rogn om korleis ein kastar mindre mat

14.30 - Eventyrstund i Galleriet på Vang folkebibliotek

15.00 - Samtale mellom Ina-Janine Johnsen og Julie Ilona Balas, moderert av Malene Vilnes: Betydninga av gode råvarer.

15.30 - Utdeling av premie i Valdres Sparebank sin smakskonkurranse

 

Det blir også aktivitetar for barn, konkurransar og boder med lokale godsaker i Vang denne laurdagen.